Har smakt litt på ordet Kina siste dagane. Det er jammen meg longt unna Noreg! Spanderar på eit ropeteikn her. Er sånn passe nøgd med eigen innsats. Eg har litt bevisst og ubevisst delt turen inn i fem delar. 1. Europa. 2. Tyrkia og Iran. 3. Sentral-Asia. 4. Kina og 5. Søraust-Asia. Det nærmar seg med andre ord. Kina er hinsides svært. Om eg hugsar rett er det godt og vel 5000km som skal distanserast her. I tillegg blir det særs variert. Fyrste del blir gjennom verdas nest største sandørken etter Sahara, nemlig Taklamakan-ørkenen. Det blir flatt og monotont i 1500km. For fyrste gong på reisa høyrer eg på musikk medan eg syklar. Eg trur det trengs.
Men fyrst nokre ord om siste dagane i Kirgisistan. Eg tok som sagt flyet til Bishkek. Det viste seg at Bishkek hadde null og niks å by på. Eitt museum berre. Men det hadde brent ned. Dagane gjekk dermed med til å traske rundt i parken og spise junkfood. Dei hadde faktisk Nathans i Bishkek. For ein som er over middels glad i pølse i brød (lompe er favoritten) var veka redda. 7 besøk på Nathans seinare sette eg meg på flyet tilbake til Osh der foreldra mine og tvillingsøstra mi skulle kome.
Dette var eit etterlengta besøk. Det var eit halvt år sidan eg hadde sett familien min. I tillegg til mykje nytt utstyr for turen vidare fekk eg brød, strandamør, meierismør, smørbukk og mykje anna snacks. Fantastiske greier. Det er spanande å prøve ny mat, men det er kanskje enno betre å få smake norske varer igjen etter long tid. Det var syndig godt. Vi leigde ein Landcruiser, så dagane vart brukt til å køyre rundt i landet på sightseeing og spise til dels god mat. Mellom anna tur mot base camp på Lenin Peak. Vi rakk ikkje heilt fram, men vegen i seg sjølv var ei oppleving. Vrang grusveg i monge mil.


Etter at besøket var dratt var det berre å setje i veg mot Kina. Kineserane vel å stengje grensa si i ti døgn under den nasjonale høgtida si frå 1. oktober. Det var difor viktig å kome inn i landet før den tid. Sjølve grensepasseringa tok nærare ein heil dag. X-ray av alt eg har med to gonger. Mengder med check points, pålagt taxitur mellom sjekkpunkta der taxisjåføren skal ta vare på passet (!!) Mitt første inntrykk av Kina er at Kinesarane er mindre venlege enn kva eg er van med frå Sentral-Asia. Dei skjøner heller ikkje eit kløyva ord engelsk. Dette er nok korrelert. Vel vel, eg er ikkje her for å få venar. Maten derimot, er heilt magisk.
Eg har no syklar nokre dagar i Taklamakan-ørkenen. Det er naturleg nok steike tørt, men temperaturane er ok, terrenget er flatt, og kineserane har svært god standard på vegane sine. Så ein skulle tru at ting gjekk radig unna. Nja, eg har møtt litt motbør. Eg fekk 100 km med vegarbeid. Ein tek litt større vegarbeidsjafsar om gongen enn kva ein gjer i Noreg. Men kanskje verst av alt var at eg i dag brakk bolten som strekk sadelen. Så frå å vere ein svært komfortabel sadel gjekk den over til å vere eit lærbelegg over seatposten. Skrekkeleg. Bolten er sjølvsagt spesiell og må bestillast på nett. Men, mot alle odds fann eg ein mekanikar som klarte å lage ei løysing ved sveising som ser ut som fungerar. Har sykla 5 mil no utan problem.
Eg må berre beklage at eg ikkje har fått oppdatert meir i det siste. Det er vanskeleg med eit mildt sagt ustabilt nett kombinert med at det er uråd å finne seg hotellrom i den kinesiske høgtida. No sit eg i eit sletent busstopp og skriv. Men eg skal gjere mitt ypperste for å kome med hyppigare oppdateringer.
God transport:

Eg har kome rett:

Ei natt overnatta eg i ein skog saman med tre karar frå det kinesiske militæret. Dette var typar som ikkje tok tenesta si spesielt alvorleg. Dei kunne ikkje noko engelsk (I likheit med så og seie alle her) så det var teiknspråk. Men vi fekk led. Eg klarte mellom anna å få påpeikt at dei hadde hår i lengste laget for å vere i militæret. Då sat latteren laust.

Karane som fiksa sadelen min. Vernebriller? Nei, takk!

Satser på å ha nokre nye ord og bileter snart igjen!
Mads


































![DSC_0128[1]](https://raudcola.com/wp-content/uploads/2016/07/dsc_01281.jpg?w=636)
![DSC_0131[1]](https://raudcola.com/wp-content/uploads/2016/07/dsc_01311.jpg?w=636)
![DSC_0139[1]](https://raudcola.com/wp-content/uploads/2016/07/dsc_01391.jpg?w=636)
![DSC_0134[1]_1](https://raudcola.com/wp-content/uploads/2016/07/dsc_01341_1.jpg?w=636)

















