Siste stikk

Siste dag på tur. Eg er i Bangkok og sykkelen er pakka ned. Håper at Norwegian klarer å handtere den utan for store problem. Ja, sjølsagt skal sykkelen heim!

Det har vore ein svært bra tur. Men no er det på tide å kome seg heimatt. Grovbrød, slaps og 8-4 ventar. Det blir flott! Faktisk.

Dei to siste landa på turen har vore Kambodsja og Thailand. Frå å ha vore i kulturar og land som er heilt vidt forskjellige frå Noreg, har desse landa vore mykje meir vestleg orientert. Mjuk overgang til livet i Noreg med andre ord. I Jomtien i Thailand møtte eg til og med monge nordmenn i sykkelklubben der og i sjømannskirka. Eg budde hjå Stig, som hadde bygd opp eit flott leilegheitskompleks der nede. Svært hyggjeleg. Ris og nudlar vart bytta ut med graut, wienerpølser og potetmos og vafler! Ingen dårleg erstatning.

Bileter. Fyrst nokre frå Kambodsja:

Fantastisk opphald i nokre døgn på den nesten aude øya Koh Ta Kiev.

bty

Pinnedyr på pinnestol:

dav

Eg fekk selskap av ein meget hyggeleg kar frå Danmark. Niels sykla saman med meg nokre døgn i Kambodsja. Han hadde kjøpt ein sykkel for 65usd i Kep, og solgte den for 70usd i Siem Reap. Her hadde vi hengt på ein bananselgjar eit stykke:

bty

Kambodsja er flott:sdr

Kattelett nokon?

SAMSUNG CSC

Nedanfor bileter frå Angkor Wat. Eg har jo sjølv annonsert at eg ikkje tykkjer byggverk er så voldsomt spanande å sjå, men eg må innrømme Angkor Wat imponerte meg:

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

Dei hadde ikkje nøyta SINTEF sin Byggforsk-serie få dei bygde trappene her. Eg vart fortalt at forrige år døydde 3 stykk i denne trappa. Men han kunne stolt fortelje meg med at ingen hadde døydd så langt dette året. 26 februar.

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

Nedanfor bileter frå Thailand og møtet med sykkelklubben i Jomtien (fotos: Tom Mills).

FB_IMG_1489809000721FB_IMG_1489808975455FB_IMG_1489808894526

Ferdigtråkka i Bangkok!

IMG_20170316_121349_932

Så eit par ord heilt på tampen. Er du ute etter å sjølvrealisere deg så ikkje byrj med sykkelturar, vel heller mindfulness eller vannyoga. Liker du derimot å slite litt og sjå tøft landskap så er dette noko for deg.

Eg skal berre kome med eitt tips om du har lyst til å prøve dette: Ikkje høyr på andre. Du veit best sjølv.

God tur!

Mads