Sol, sand, medvind og øl

Sidan sist gong har eg cruisa nedover kysten på highway A1. Det er heilt flatt og i tillegg har eg vinden i ryggen. Aldri før på turen har eg hatt billegare kilometer. Dette har og gjeve meg god tid til å stoppe opp og slappe av. Det er ein del veldig flotte strender her. Føler verkeleg eg er på ferie no. Eg har berre nokre få hundre kilometer til endestasjonen Bangkok. Det betyr at det også framover blir mykje avslapping og strandliv. Noko av det eg sa til meg sjølv før eg byrja på turen var at eg skulle nyte den siste tida her i Søraust-Asia som ein liten premie til meg sjølv. Det skal eg halde.

Diverre har cartodb endra softwaren sin slik at eg ikkje kan oppdatere posisjon pr. mobil. Eg fekk derimot lånt meg ein PC i dag og har difor oppdatert ruta fram til no. Planen vidare er å finne seg ei øy sør for Kambodsja for Robinson-ferie der før eg vendar nordover igjen mot Siem Reap og Angkor Wat. Etter det har eg lovt å treffe den norske sykkelklubben i Jomtien i Thailand før siste stopp blir Bangkok. Det blir veldig rart å pakke ned sykkelen i Bangkok. Men eg lovar eg ikkje kjem med longe refleksjonar og anna rask.

Skal vi sjå. Kanskje nokre bileter hadde vore på sin plass.

Flotte fiskebåtar ligg i hopetall Kings heile kystenSAMSUNG CSC

For å ta opp garn i nærleiken til land bruker ein desse små runde jollene laga av plast. Dei har ein meget finurleg men effektiv teknikk på å padle seg framover

SAMSUNG CSC

Flotte rismarker over heile Vietnam. Bileta mine klarer ikkje å gjengi kor flott det er.SAMSUNG CSC

Eg fann meg ei flott strand å bu på ei natt

SAMSUNG CSC

På ei anna strand fekk eg også hyggjeleg selskapSAMSUNG CSC

Ein ting eg som har vist seg på denne turen er at flotte bygg ikkje på langt nær gjev meg like mykje som flott terreng. Det er nærast på plikt eg går og ser ein del av desse bygningene. Her frå den gamle hovudstaten til Vietnam – Hue

SAMSUNG CSC

Då er det mykje kjekkare å plutseleg kome over ei volleyballturnering for vaksne i ein tilfeldig landsbySAMSUNG CSC

Noko av det første som traff meg så eg kom til Vietnam var ein casual transport av ei krokodille. Eg lurte på kva eg hadde rota meg inn i. SAMSUNG CSC

I ein liten by lengre nord i Vietnam vart eg stoppa av eit lystig lag som satt utanfor eit hus. Berre ein av dei kunne marginalt engelsk. Men eg skjønte dei ville ha meg med på laget. Dette sa eg sjølsagt ja til. Det var nesten nyttår (kinesisk), så feiringa var godt i gang. Det sto kassevis med øl under bordet. Det var berre å forsyne seg. Etter eit par timar med kameratslig passiar på det mest internasjonale språket som fins – fotball, kom dei på at vi skulle stikke stad og faktisk spele fotball. Øl eller ikkje, dette syntas alle var ein god ide. Og jammen var det gøy, det er lite som slår ein god kamp på løkka. Men sjølv etter snart 20.000km på sykkel er fotballskodisen dårleg. Det er forbaska tungt med alle desse rykka.

dav

Mads