Veldig seint innlegg denne gongen – men det er ikkje min feil, men Steve Jobs sin. Laptopen min har tatt kvelden. Så skriving blir gjort frå mobil. Og bileteutvalget er også mykje mindre. Når det er sagt er også mobilen min i ferd med å seie takk for seg.
Nok teknosurning; Etter ei veldig fin julefeiring i Laos satte eg snuta mot Vietnam og eitt av dei store måla mine på denne turen; Stillehavet! Eg har hatt fleire milepælar på denne turen, men å ha sykla frå Atlanterhavet til Stillehavet er den største. Det er sjølvsagt eit lite hinder som måtte forserast først. Grensepasseringa mellom Laos og Vietnam. I passe nonchalant stil trilla eg mot den Vietnamesiske grensa. Her var det berre å flashe visumet mitt og trille ned mot kysten. Meen, eg høyrer eit STOP, før eg får forklart av ein høgtståande offiser at eg som turist ikkje får sykle inn i Vietnam. Eg måtte legge att sykkelen, men fekk ta med bagasjen over. Eg forklarte at det var upraktisk å måtte gå til kysten med 7 bager. Mannen var ikkje til å rokke. “You have to leave the bike. It’s the law!” Eg sa så at på konsulatet i Luang Prabang hadde dei sagt at det skulle gå fint å sykle over. Det er ikkje sikkert dette er 100% korrekt informasjon, men det fekk offiseren til å seie: “Aaaallright. Wait here. I’ll make a phone call.” Ein halvtime seinare kom han att, litt mindre stram i blikket. Eg byrja å håpe. Om han han bestemte seg for å vere snill eller om han ikkje ville miste ansikt veit eg fortsatt ikkje, men han sa iallefall: “Since it is your first visit to Vietnam, I’ll let it pass. Go on. Before I change my mind.” Eg var ikkje vanskeleg å be.
Eit par dagar seinare nådde eg kysten. I Nord-Vietnam er det overraskende mildt. Men dukkert skulle eg ha! Nederst i eine bagen under mykje klede fann eg badeshortsen. På med den, og sprint ut i STILLEHAVET! Eg jubla høgt, stille. Seansen vart kort. Eg fekk etterkvart tilskodarar av nokre lokale i dunjakker som tydeligvis lurte på kva i alle dager eg dreiv med.
Vietnam har meir å by på på matfronten enn Laos. Det er ikkje kun nudler med nokre salatblad. Men somme gonger ynskjer eg at det var nettopp det eg fekk. Ved lunsj ein dag fekk eg servert dette. Nomnomnom!

Bilete frå nett.
Men alt i alt er eg godt nøgd med kva Vietnam har å by på, altså.
I Kina møtte eg ein type frå Michigan som ga meg nokre tips om kva eg burde sjekke ut i Vietnam. Mellom tipsa var nasjonalparken Phong Nha. Dit stakk eg, og angrer ikkje. Eg var i fleire huler. Ei av dei var noko eg trudde heitte Paladeih cave. Det skulle vise seg at det var Paradise cave. Vietnamesere har nokre konsonantproblemer. Paradise cave høyrdes uansett bedre ut. Og den skuffa definitivt ikkje!


Eg var også i ei gjørmehule og bada på ein guida tur. Morro!
No er eg på full fart sørover i retning badeferie og storbyferie i HCMC. I går fekk eg i tillegg litt drahjelp av australske Sarah som også kom syklende. Eg fortalte og om matopplevelsane mine i Vietnam. Då kunne ho fortelje at nokon hadde kasta slanger ut av ein buss der den eine hadde hamna på foten hennar! Passe sprøtt.
Skal prøve å få fatt på meir bileter til neste oppdatering. Er tiltak å ta dobbelt opp med bileter. Eg lover den neste oppdateringa kjem snarere.
Mads