Tut og køyr

Lenge sidan sist! Eg har hatt ei god pause i Shanghai ei vekes tid der eg har besøkt Ilija. Før det tråkka eg på som bare det for å rekke flighten min frå Kunming. Då eg booka flighten min rekna eg ut distansen på motorvegen. Rookie mistake. Gamlevegen, som eg på sykkel må (bør) ta, er gjerne 20% lengre og med vesentleg fleire akkumulerte høgdemeter. Det vart lange dager. Men då er det berre å setje Gluecifer på øyret, så ordner det seg. Typisk sånn her var det når eg zooma inn på kartet på mobilen:

1. Dette ser då ikkje så gale ut! 2. Jaja, litt jobbing då. 3. End life:

Her er litt av grunnlaget for kartet over. Denne klatringa vart på 1500 høgdemeter:

dsc_0028

Ser at eg har tatt veldig mykje vegbileter siste tida. Eg er svært imponert av kva dei får til her i Kina:

SAMSUNG CSC

Flott landskap med små landsbyar som ligg på toppen av åsar:

SAMSUNG CSC

Det er massevis av damanlegg i dalane i Sichuan og Yunnan:

SAMSUNG CSC

Provinsen eg har vore i no, Yunnan, er mykje lågare enn den tibetanske høgsletta. Det er difor mykje frodigare her. Det er også monge dalar og ergo mykje klatring. Men kroppen fungerer så veldig mykje betre enn den gjorde i høgda. Det er først når ein kjem ned at ein kjenner korleis høgda har tatt i.

Flotte rismarker longs vegane eg sykler på:

SAMSUNG CSC

Marked med ferske grønnsaker og søt frukt:

SAMSUNG CSC

No er eg altså på veg i retning Laos. Eg reknar med å ha kome over grensa om ei dryg veke. Om eg kjenner kinesisk byråkrati rett, noko eg gjer, så tar grensepasseringa ein full dag. Eg har verkeleg likt Kina. Det er eit fantastisk bra land å sykle i. Flott terreng, gode vegar, godt utvalg mat og generelt veldig enkelt å campe. Anbefalast på det absolutt varmaste!

Mads