Med 2,5 månader og nesten 6000km i Kina var eg klar for eit nytt land. Eg har likt Kina svært godt, men dei fleste kinesere er ganske introverte og ikkje veldig gjestfrie. Det var difor utruleg hyggeleg å kome over grensa å sjå at småungane vinka og smila og ropte “Sabai-dii” (Hallo) til meg. Til og med dei vaksne smilte og vinka. Det er spesielt slike ting som gjer at det er så mykje kjekkare å reise med sykkel. Påfallande ofte er det i dei fattige landa folk er mest venlege.
Fyrst eit par bileter frå tampen av Kina-opphaldet. Her er eit par som kjører rundt på ein farkost med bensinmotor, men med pedalar og solcellepanel i tillegg. Fiffig sak.
I Xishuangbanna fekk eg lov å ta med bakgårdsbikkja på hotellrommet. Fantastisk. God underhaldning i eit par timar.
Syklinga i Laos har vore flott så longt. Eg har sluppe det svært tunge terrenget eg hadde sør i Yunnan, men heller fått mindre bakkar å bryne meg på. Eg hadde mellom anna den gøyaste utforkjøringa mi for ikkje monge dagar sidan. 7% helning, perfekt asfalt, null trafikk, kun svingar og god dossering. Å sykle så effektivt ein tørr på slike vegar er skikkelig gøy!
Velkomen til Laos:
Sabai-dii!
Grisar er grisebra dyr og grisebra mat. Nøff!
Syklar over Mekongelva:
Eg har kvia meg litt for å overnatte i telt her i Laos. Eg har sett eit par slangar. Men det er ikkje først og fremst difor eg er skeptisk. Eg visste det var mange UXO (Unexploded Ordnance for dei uinvidde) i Laos, så eg tok meg ein tur på senteret i Luang Prabang for å sjekke ut dette. Men eg visste ikkje at Laos er det landet med mest UXOar i heile verda. Årleg blir 300 personar råka av desse. Ofte born som ikkje veit kva dei finn. Det var under andre verdskrig og Vietnamkrigen at bombene vart slept. Det er altså over tretti år sidan den siste bomba vart slept, men fortsatt blir personar altså råka dagleg. At Laos vart hardt bomba under Vietnamkrigen var det få som visste om i den vestlege verda. Det vart kalla “The Secret War” mellom CIA sin Special Activities Division og Hmong-styrkar frå Nord-Vietnam. Laos vart brukt som forsyningsrute av Hmong-styrkar. USA ville difor stoppe dette. I Laos hadde USA fritt spelerom og bomba akkurat slik dei ville. Det var ikkje før mange år etter at det kom fram kva som hadde foregått i Laos. Klasebomber er den absolutte verste UXOen. Det er anslått at 80 million av delbombene ikkje gjekk av. For å støtte oppryddinga kan ein donere her: http://www.uxolao.org/
Eit lite sortiment av det USA har krydra Laos med.
Ei klasebombe. Det er anslagsvis berre 30% av desse som går av. Når born finn desse delsprenglegema bruker dei det som leiker. Ofte med fatalt utfall.
For å avslutte denne på ein litt anna tone vil eg nemne at eg klovna ting skikkelig til då dro frå senteret. Eg sykla og presterte å dulte borti ein granat som fungerte som gjerdestolpe rundt eit monument framføre senteret. Gjerdet var ein kjetting som strakk seg til neste stolpe. Dultinga mi førte då til at nesten alle granatane bikka over. Det var ganske kult etter å ha sett ein 20 minutters informasjonsfilm om korleis ein skulle forholde seg om ein såg sprenglegemer.
Gjerdet. Well played.
Eg bur på eit hostell i Luang Prabang, hordene med backpackere med hippiebukser og ryggsekkar som følger nøyaktig same ruta og bur i dei nøyaktig same husa som andre backpackere er sterkt framståande her. Nye eventyr i morgon!
Mads





