Platå part deux

Eg har ikkje så mykje å skrive om kvar gong. Dette er ein av dei. Etter Yushu var eg klar for å sykle ned mot lavlandet. Dit har eg enno ikkje kome. Eg er på rundt 3500moh. Men det er varmare her i Sichuan enn i Qinghai. Eg tykkjer sjølv det er drit keisamt å høyre om sjukedom, men eg lyt vel nemne eg har vore forkjøla i ei veke no. Med andre ord har det ikkje vore spesielt morosamt å sykle.

Sichuan byr på eit meir norsk landskap enn Qinghai, med store dalar og bratte fjellsider. Det har i tillegg byrja å vise seg skog att. Eg kan ikkje hugse sist eg såg ein barskog. Eg føler meg litt som heime når eg sykler i dette terrenget. Husa har gått frå å vere keisame murhus til flotte lafta trehus. Diverre har eg ikkje orka å ta fram kameraet mitt så ofte, men nedanfor er nokre bileter frå reisa.

Random bilete av ein gamal mann eg traff på i audemarka. Han ville ha røyk av meg, men eg måtte skuffe han der.SAMSUNG CSC

Eg trur desse to er på ei slags pilegrimsreise:

SAMSUNG CSC

Ein munk:SAMSUNG CSC

Ein type ville at vi skulle strike a dragon pose framføre eit tempel. Han har vel hakket betre tak på den han enn eg:SAMSUNG CSC

Herleg måte å koke vatn på:SAMSUNG CSC

Eg er no i ein liten by som heiter Tagong. Eg kom hit seint i går kveld og spurte rundt etter ein stad å sove. Eg vart vist til eit gjestehus. Til mi store overrasking var det ein vestleg som opna døra. Eg har ikkje sett nokon vestlege på 1,5 månad. Det viser seg at det er ein tsjekker som driv gjestehuset her i gokk. Gjestehuset er visst nemnd i Lonely Planet, og difor får han monge internasjonale gjestar, inkludert ein italienar og ei frå Tyskland som er her samstundes med meg. Needless to say var det veldig hyggeleg å endeleg kunne prate litt engelsk igjen – og bli forstått. I tillegg har dei ting som bacon cheese burger på menyen! Vel og merke av jak-kjøt. Og engelsk frukost! Her får hjartet litt å jobbe med. Snadder!

Litt frå menyen på gjestehuset:SAMSUNG CSC

Nedanfor er nokre bileter frå eit tempel i byen eg er i.SAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

Planen vidare er å kome seg nedover mot Kunming. Eg har om lag 900km ned dit, så eg burde vel vere der om 1,5 veke, litt avhengig av kor monge pass eg får nedover. Eg har allereie avtalt med ein mekaniker om å levere inn sykkelen min der for ei overhaling. Den er svært overdue. Sjå bilete av jockey-hjul. Medan sykkelen blir fiksa er planen å ta eit fly til Shanghai for ein liten ferie. Det blir meget godt å få parkert sykkelen og leve litt urbant for nokre dagar.

Eine jockey-hjulet mitt. Wups:SAMSUNG CSC

Mads