Berre ei lita oppdatering dette.
Eg har sykla det eg har klart siste vekene. 2800km har eg gjort unna i Kina no. Med ein einaste kviledag. Vanlegvis ville eg sjølvsagt ikkje sykla så fort, men det er ein grunn til at eg har gjort det. Vinteren er på veg her. Om han kjem for fullt vil det fort kunne dra seg til mot 40 blå på det tibetanske platå. Det er eg ikkje spesielt interessert i å prøve å sykle i. Eg har heller ikkje utstyr for dette. Så planen er å kome ned til lavlandet i høveleg tid. Slik det ser ut no er eg på trygge høgdemeter i midten av november. Siste dagane har eg sykla på 3000moh og har opplevd kanskje 5 blå på natta. Dagane er fortsatt fine med rundt 8 varmegrader. Men det er komande veka eg verkeleg skal få bryne meg. Link til rute og profil:
https://www.bikemap.net/en/route/3817251-golmud-yushu/
Det blir altså jobbing i høgda. Og eg kjem også til å sykle over mitt høgste pass, Kunlun-passet på tett oppunder 5000 meter over havet. Dette blir spanande saker. Som ein ser av profilen er det motbakke i 150km frå Golmud til toppen av passet. Wish me luck!
Tenkte også å nevne eit anna aspekt ved å sykle longt. Ein blir litt besatt av ein del ting når ein sykler slik for seg sjølv. Nokre eksempel (Dette er rare saker):
- Dopapir er verdt si vekt i gull. Sidan eg forlot Europa har dopapir ofte vore særs vanskeleg å få fatt i. Ved eitkvart høve forsyner ein seg grådig. På hotell eg bur på tek eg med alt eg finn.
- Solkrem har også vore veldig vankeleg å få fatt i. For ein nordmann med over snittet bleik hud er det ikkje noko særleg å gå tom for solkrem. Då eg var i Kashgar og skulle til å sykle inn i Taklamakan-ørkenen fann eg berre ei 70ml-flaske. Dette er eigentleg for lite for fleire dagar i ørkenen. Men sidan eg er på den nordlege halvkule på veg rakt aust i ein ørken vart løysinga å berre smøre høgre side av kroppen. Fungerte fint, og flaska holdt akkurat.
- Bremseklosssar. Ein sparar mest mogleg på desse og stopper alltid slik at ein slepp å bruke bremsa.
Alt dette høyres kanskje rart ut, men det gjev verkeleg “meining” når ein er ute på ein slik tur.
Nokre bileter:
Tibetanske platå. For et enormt og fantastisk flott område. Ein dag når den autonome regionen Tibet er open for turistar igjen vil eg sykle Kashgar – Lhasa – Sichuan. Nokre har prøvd ulovleg etter 2008, ingen har lukkast.

Ser dykk vegen framom der? Det tok eit par timar å forsere dette.

Dette var det fyrste vegkrysset på over 2000km. Longt mellom tettstadane som ein kan sjå på skiltet.

Bønneflagg i Tibet.

Mads