Taklamakan, ein tur i intet

Etter å ha sykla nokre veker i Pamirfjella var eg eigentleg ganske klar for å sykle i heilt anna terreng. Taklamakanørkenen høyrdes freistande ut. 1500 flate, aude kilometer. Topp! Ikkje det at eg hadde noko anna valg. For å kome austover måtte eg uansett gjennom denne ørkenen. Men eg var altså veldig glad for å få litt forandring i terreng. Eg håpte på å kunne gjere unna 150km dagen. Det gjekk ikkje. Når det er flatt er det gjerne også vind. Denne kom tydeligvis nordfrå i Taklamakan. Konstant. Greit så lenge eg sykla søraustover frå Kashgar, men etter Hotan dreide eg på nordleg retning. Eg fekk altså 10 døgn i motvind.

Bilde frå rett før eg sykler inn i Kina:

SAMSUNG CSC

Likevel var det fint å sykle. Eg sykla stort sett heile tida med musikk på øyret, det var nesten ikkje trafikk. Eg sat egentlig i eigne tankar desse to vekene frå Kashgar. Det var heller ikkje eit stort problem med forsyninger. Ein finn ein by kvar 200km. Likevel har eg no tatt av 20kg sidan eg starta på turen. Litt dumt då eg skal ta til på det tibetanske platå om eit par dagar. Hadde vore greitt å hatt noko spekk på kroppen då. Dette blir nok den aller tyngste delen av heile turen min. Om eg ikkje tykkjer det er forsvarlig lenger, anten det blir for hardt eller at eg blir for kald, lyt eg få huka tak i transport ned til lavlandet. Eg håper eg skal unngå akkurat det.

Eg har fått nokre rapportar på at check pointet inn mot platået ikkje alltid er opent for turistar. Eg har likevel tatt sjansen på å sykle ned hit. Ein får berre håpe på det beste. Eg har ingen plan B. Får ta det ad hoc.

Tilbake til Taklamakanørkenen. Eg veit eigentleg ikkje heilt kva eg skal skrive om den. Det er klart det var veldig annleis for ein nordmann å sykle i dette terrenget. Vanvittige distansar, heilt monotont og knusktørt. Ein tur i intet. Det var noko skummelt med å tenke på at når ein snudde seg til venstre var det hundrevis av kilometer med sand. Om ein snudde seg til høgre var det like eins. Dette avbrutt av litt bebyggelse her og der kor eg fikk bunkra opp med vatn og mat att. Å campe var eitt av høgdepunkta – Sval natt og ein utruleg stjernehimmel kvar natt. Om nokon veit kva innstilling eg skal bruke på kameraet for å klare å ta bilete av det er det berre å seie frå.

Som eg nemnde i min forrige post er ikkje kinesarane så veldig venlege. Dei fleste er veldig reserverte. Dette er eit problem når eg må ha informasjon. For eksempel det å kjøpe ekstra batteri til sykkelcomputeren min har eg enno ikkje klart.

Her er uansett nokre bileter frå ørkenen

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Bileter frå Kashgar og andre byer på vegen nedanfor:

Her er bilete frå gamlebyen i Kashgar.

SAMSUNG CSC

Kinesarane byggjer ut stort over heile landet. Dette går ofte på bekostning av dei som eigentleg ikkje er kinesarar. For eksempel er dei her i Xinjang i stor grad Uyghurarar. Biletet er tatt frå gamlebyen i Kashgar mot den nye arkitekturen kinesarane spyr ut overalt i bakgrunnen.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Ei eldre dame som sto ute seint på kvelden og snurra på ein snurrebass med ei piske. Nokon som veit kva dette er for slags aktivitet?

SAMSUNG CSC

Pause ved ein cafe:

SAMSUNG CSC

Dei lagar veldig godt brød her i Xinjang. Alltid heilt ferskt om morgonen:

SAMSUNG CSC

Kva funksjon har denne stolpen?

SAMSUNG CSC

Mine gode vener, kamelane. Dei har alltid eit lurt smil klistra på ansiktet. Snodige variantar:

SAMSUNG CSC

Etter å ha sykla 140km ein dag var eg dødssliten, men fann eit billeg hotell i ein liten by. Som vanleg tek det ein god halvtime å få sjekka inn. Eg var svært ivrig på å få kome meg opp på hotellrommet. Etterkvart fekk eg overlevert nøklane og tok turen opp, fekk dusja og lagt meg på senga. I det eg var i ferd meg å hamne i draumeland byrja det å banke på døra. Medan eg strevde med å få på med nokre klede vart bankinga hardare. Eg treiv opp døra med ei sur mine. Eg vart overraska då eg såg to politikonstablar! Han eine hadde til og med SWAT-merke på skjorta si. Kva i alle dagar hadde eg gjort? Eg forsto ikkje heilt til å byrje med, men det viste seg at hotellet ikkje hadde lov til å ta imot turistar. (Ja, mange rare reglar her i Kina). Men med litt google translate fram og tilbake fekk eg lov til å bli der. Dei måtte berre ta bilete av passet mitt. Men fyrst ville dei ha bilete av meg saman med dei. Dette sa eg sjølvsagt ja til, og nøyta meg og fekk tatt eit bilete med mitt kamera også.

dsc_0933

Eg likte eigentleg relativt godt å sykle i Taklamakan etter Pamirfjella. Men har du to veker ferie igjen etter ein sumar du har jobba litt for mykje, vil eg ikkje tilråde å setje seg på eit fly til Kashgar og sykle gjennom Taklamakanørkenen. Eg gjev den ein 2ar på ferieterningen.

Mads