I Golmud, på veg mot taket.

Berre ei lita oppdatering dette.

Eg har sykla det eg har klart siste vekene. 2800km har eg gjort unna i Kina no. Med ein einaste kviledag. Vanlegvis ville eg sjølvsagt ikkje sykla så fort, men det er ein grunn til at eg har gjort det. Vinteren er på veg her. Om han kjem for fullt vil det fort kunne dra seg til mot 40 blå på det tibetanske platå. Det er eg ikkje spesielt interessert i å prøve å sykle i. Eg har heller ikkje utstyr for dette. Så planen er å kome ned til lavlandet i høveleg tid. Slik det ser ut no er eg på trygge høgdemeter i midten av november. Siste dagane har eg sykla på 3000moh og har opplevd kanskje 5 blå på natta. Dagane er fortsatt fine med rundt 8 varmegrader. Men det er komande veka eg verkeleg skal få bryne meg. Link til rute og profil:

https://www.bikemap.net/en/route/3817251-golmud-yushu/

Det blir altså jobbing i høgda. Og eg kjem også til å sykle over mitt høgste pass, Kunlun-passet på tett oppunder 5000 meter over havet. Dette blir spanande saker. Som ein ser av profilen er det motbakke i 150km frå Golmud til toppen av passet. Wish me luck!

Tenkte også å nevne eit anna aspekt ved å sykle longt. Ein blir litt besatt av ein del ting når ein sykler slik for seg sjølv. Nokre eksempel (Dette er rare saker):

  • Dopapir er verdt si vekt i gull. Sidan eg forlot Europa har dopapir ofte vore særs vanskeleg å få fatt i. Ved eitkvart høve forsyner ein seg grådig. På hotell eg bur på tek eg med alt eg finn.
  • Solkrem har også vore veldig vankeleg å få fatt i. For ein nordmann med over snittet bleik hud er det ikkje noko særleg å gå tom for solkrem. Då eg var i Kashgar og skulle til å sykle inn i Taklamakan-ørkenen fann eg berre ei 70ml-flaske. Dette er eigentleg for lite for fleire dagar i ørkenen. Men sidan eg er på den nordlege halvkule på veg rakt aust i ein ørken vart løysinga å berre smøre høgre side av kroppen. Fungerte fint, og flaska holdt akkurat.
  • Bremseklosssar. Ein sparar mest mogleg på desse og stopper alltid slik at ein slepp å bruke bremsa.

Alt dette høyres kanskje rart ut, men det gjev verkeleg “meining” når ein er ute på ein slik tur.

Nokre bileter:

Tibetanske platå. For et enormt og fantastisk flott område. Ein dag når den autonome regionen Tibet er open for turistar igjen vil eg sykle Kashgar – Lhasa – Sichuan. Nokre har prøvd ulovleg etter 2008, ingen har lukkast.

SAMSUNG CSC

Ser dykk vegen framom der? Det tok eit par timar å forsere dette.

SAMSUNG CSC

Dette var det fyrste vegkrysset på over 2000km. Longt mellom tettstadane som ein kan sjå på skiltet.

SAMSUNG CSC

Bønneflagg i Tibet.

SAMSUNG CSC

Mads

Taklamakan, ein tur i intet

Etter å ha sykla nokre veker i Pamirfjella var eg eigentleg ganske klar for å sykle i heilt anna terreng. Taklamakanørkenen høyrdes freistande ut. 1500 flate, aude kilometer. Topp! Ikkje det at eg hadde noko anna valg. For å kome austover måtte eg uansett gjennom denne ørkenen. Men eg var altså veldig glad for å få litt forandring i terreng. Eg håpte på å kunne gjere unna 150km dagen. Det gjekk ikkje. Når det er flatt er det gjerne også vind. Denne kom tydeligvis nordfrå i Taklamakan. Konstant. Greit så lenge eg sykla søraustover frå Kashgar, men etter Hotan dreide eg på nordleg retning. Eg fekk altså 10 døgn i motvind.

Bilde frå rett før eg sykler inn i Kina:

SAMSUNG CSC

Likevel var det fint å sykle. Eg sykla stort sett heile tida med musikk på øyret, det var nesten ikkje trafikk. Eg sat egentlig i eigne tankar desse to vekene frå Kashgar. Det var heller ikkje eit stort problem med forsyninger. Ein finn ein by kvar 200km. Likevel har eg no tatt av 20kg sidan eg starta på turen. Litt dumt då eg skal ta til på det tibetanske platå om eit par dagar. Hadde vore greitt å hatt noko spekk på kroppen då. Dette blir nok den aller tyngste delen av heile turen min. Om eg ikkje tykkjer det er forsvarlig lenger, anten det blir for hardt eller at eg blir for kald, lyt eg få huka tak i transport ned til lavlandet. Eg håper eg skal unngå akkurat det.

Eg har fått nokre rapportar på at check pointet inn mot platået ikkje alltid er opent for turistar. Eg har likevel tatt sjansen på å sykle ned hit. Ein får berre håpe på det beste. Eg har ingen plan B. Får ta det ad hoc.

Tilbake til Taklamakanørkenen. Eg veit eigentleg ikkje heilt kva eg skal skrive om den. Det er klart det var veldig annleis for ein nordmann å sykle i dette terrenget. Vanvittige distansar, heilt monotont og knusktørt. Ein tur i intet. Det var noko skummelt med å tenke på at når ein snudde seg til venstre var det hundrevis av kilometer med sand. Om ein snudde seg til høgre var det like eins. Dette avbrutt av litt bebyggelse her og der kor eg fikk bunkra opp med vatn og mat att. Å campe var eitt av høgdepunkta – Sval natt og ein utruleg stjernehimmel kvar natt. Om nokon veit kva innstilling eg skal bruke på kameraet for å klare å ta bilete av det er det berre å seie frå.

Som eg nemnde i min forrige post er ikkje kinesarane så veldig venlege. Dei fleste er veldig reserverte. Dette er eit problem når eg må ha informasjon. For eksempel det å kjøpe ekstra batteri til sykkelcomputeren min har eg enno ikkje klart.

Her er uansett nokre bileter frå ørkenen

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Bileter frå Kashgar og andre byer på vegen nedanfor:

Her er bilete frå gamlebyen i Kashgar.

SAMSUNG CSC

Kinesarane byggjer ut stort over heile landet. Dette går ofte på bekostning av dei som eigentleg ikkje er kinesarar. For eksempel er dei her i Xinjang i stor grad Uyghurarar. Biletet er tatt frå gamlebyen i Kashgar mot den nye arkitekturen kinesarane spyr ut overalt i bakgrunnen.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Ei eldre dame som sto ute seint på kvelden og snurra på ein snurrebass med ei piske. Nokon som veit kva dette er for slags aktivitet?

SAMSUNG CSC

Pause ved ein cafe:

SAMSUNG CSC

Dei lagar veldig godt brød her i Xinjang. Alltid heilt ferskt om morgonen:

SAMSUNG CSC

Kva funksjon har denne stolpen?

SAMSUNG CSC

Mine gode vener, kamelane. Dei har alltid eit lurt smil klistra på ansiktet. Snodige variantar:

SAMSUNG CSC

Etter å ha sykla 140km ein dag var eg dødssliten, men fann eit billeg hotell i ein liten by. Som vanleg tek det ein god halvtime å få sjekka inn. Eg var svært ivrig på å få kome meg opp på hotellrommet. Etterkvart fekk eg overlevert nøklane og tok turen opp, fekk dusja og lagt meg på senga. I det eg var i ferd meg å hamne i draumeland byrja det å banke på døra. Medan eg strevde med å få på med nokre klede vart bankinga hardare. Eg treiv opp døra med ei sur mine. Eg vart overraska då eg såg to politikonstablar! Han eine hadde til og med SWAT-merke på skjorta si. Kva i alle dagar hadde eg gjort? Eg forsto ikkje heilt til å byrje med, men det viste seg at hotellet ikkje hadde lov til å ta imot turistar. (Ja, mange rare reglar her i Kina). Men med litt google translate fram og tilbake fekk eg lov til å bli der. Dei måtte berre ta bilete av passet mitt. Men fyrst ville dei ha bilete av meg saman med dei. Dette sa eg sjølvsagt ja til, og nøyta meg og fekk tatt eit bilete med mitt kamera også.

dsc_0933

Eg likte eigentleg relativt godt å sykle i Taklamakan etter Pamirfjella. Men har du to veker ferie igjen etter ein sumar du har jobba litt for mykje, vil eg ikkje tilråde å setje seg på eit fly til Kashgar og sykle gjennom Taklamakanørkenen. Eg gjev den ein 2ar på ferieterningen.

Mads

Stats and Stuff 6

Hallur!

Eg har no kome meg eit godt stykke inn i Taklamakan-ørkenen og er å finne i Quiemo. Har fått meg eit hotellrom her og tenkte å slenge ut ei oppdatering. Tenkte å kome med nokre ord om korleis det har vore gjennom ørkenen om nokre dagar. Her kjem nokre bileter og oppdatering av statistikk (Tjohoi!)

Ørken og kraftig vind = sand i teltet. Uansett! Måtte ligge med kle over haudet for ikkje å få munn og nase fyllt med sand på natta.

dsc_0878

Dai er den einaste syklisten eg har møtt her. Tibetaner på veg til Lhasa. Diverre kan nok ikkje eg kome meg dit pga. visumissues.

dsc_0883

Så ofte som mogleg et eg lunsj og middag på cafe/restaurant. Til 15 kroner er det ein no-brainer. Men det kan vere svært langt mellom kvar stad ein kan ete.dsc_0890

Det må jobbast når ein er på hotell også! Lapping av slangar må til. Og sjølvsagt vasking av klede og kopper og kar. Eg er nok ikkje draumegjesten på hotella eg hamner på.dsc_0925dsc_0926

  • Kilometer:11455
  • Land: 18
  • Big Macs spist: 8. Saknar Big Mac no!
  • Antall brett konsumert smertestillende/betennelsesdempende: 2
  • Antall flats: 7
  • Antall kjedeuljeflasker brukt: 4
  • Antall bokser WD-40 brukt: 2
  • Antall løpemeter Gaffateip brukt: 1,2 (Hol i bag, markering av hol i madrass og temporær vinkork, markering av punkteringer)
  • Kviledagar: 65
  • Gjennomsnitteleg dagleg distanse: 89,5
  • Lengste dagsetappe: 183 km (Şereflikoçhisar-Capadocia, Tyrkia)
  • Kortaste dagsetappe: 16 km (Orašac-Dubrovnik, Kroatia)
  • Maks antall døgn utan dusj: 14 (Tajikistan)
  • Enklaste sykkelland: Tyskland
  • Vanskelegste sykkelland: Uzbekistan
  • Svakaste sjåførar: Kroatia
  • Er på solbrillepar nummer 3
  • Er på slipperspar nummer 3
  • Er på headset nummer 4
  • Favorittlunsj: ALLE måltid i Kina. KRUTT og veldig billig. Herleg å kome frå sentral-asia til Kina!
  • Antall gonger jakta på av bikkjer: Alt for mange. Krapyl! Er spant på det tibetanske platå. Skal vere ein del hissige variantar der.

Mads

Kina. BAM!

Har smakt litt på ordet Kina siste dagane. Det er jammen meg longt unna Noreg! Spanderar på eit ropeteikn her. Er sånn passe nøgd med eigen innsats. Eg har litt bevisst og ubevisst delt turen inn i fem delar. 1. Europa. 2. Tyrkia og Iran. 3. Sentral-Asia. 4. Kina og 5. Søraust-Asia. Det nærmar seg med andre ord. Kina er hinsides svært. Om eg hugsar rett er det godt og vel 5000km som skal distanserast her. I tillegg blir det særs variert. Fyrste del blir gjennom verdas nest største sandørken etter Sahara, nemlig Taklamakan-ørkenen. Det blir flatt og monotont i 1500km. For fyrste gong på reisa høyrer eg på musikk medan eg syklar. Eg trur det trengs.

Men fyrst nokre ord om siste dagane i Kirgisistan. Eg tok som sagt flyet til Bishkek. Det viste seg at Bishkek hadde null og niks å by på. Eitt museum berre. Men det hadde brent ned. Dagane gjekk dermed med til å traske rundt i parken og spise junkfood. Dei hadde faktisk Nathans i Bishkek. For ein som er over middels glad i pølse i brød (lompe er favoritten) var veka redda. 7 besøk på Nathans seinare sette eg meg på flyet tilbake til Osh der foreldra mine og tvillingsøstra mi skulle kome.

Dette var eit etterlengta besøk. Det var eit halvt år sidan eg hadde sett familien min. I tillegg til mykje nytt utstyr for turen vidare fekk eg brød, strandamør, meierismør, smørbukk og mykje anna snacks. Fantastiske greier. Det er spanande å prøve ny mat, men det er kanskje enno betre å få smake norske varer igjen etter long tid. Det var syndig godt. Vi leigde ein Landcruiser, så dagane vart brukt til å køyre rundt i landet på sightseeing og spise til dels god mat. Mellom anna tur mot base camp på Lenin Peak. Vi rakk ikkje heilt fram, men vegen i seg sjølv var ei oppleving. Vrang grusveg i monge mil.

dsc_0740dsc_0724

Etter at besøket var dratt var det berre å setje i veg mot Kina. Kineserane vel å stengje grensa si i ti døgn under den nasjonale høgtida si frå 1. oktober. Det var difor viktig å kome inn i landet før den tid. Sjølve grensepasseringa tok nærare ein heil dag. X-ray av alt eg har med to gonger. Mengder med check points, pålagt taxitur mellom sjekkpunkta der taxisjåføren skal ta vare på passet (!!) Mitt første inntrykk av Kina er at Kinesarane er mindre venlege enn kva eg er van med frå Sentral-Asia. Dei skjøner heller ikkje eit kløyva ord engelsk. Dette er nok korrelert. Vel vel, eg er ikkje her for å få venar. Maten derimot, er heilt magisk.

Eg har no syklar nokre dagar i Taklamakan-ørkenen. Det er naturleg nok steike tørt, men temperaturane er ok, terrenget er flatt, og kineserane har svært god standard på vegane sine. Så ein skulle tru at ting gjekk radig unna. Nja, eg har møtt litt motbør. Eg fekk 100 km med vegarbeid. Ein tek litt større vegarbeidsjafsar om gongen enn kva ein gjer i Noreg. Men kanskje verst av alt var at eg i dag brakk bolten som strekk sadelen. Så frå å vere ein svært komfortabel sadel gjekk den over til å vere eit lærbelegg over seatposten. Skrekkeleg. Bolten er sjølvsagt spesiell og må bestillast på nett. Men, mot alle odds fann eg ein mekanikar som klarte å lage ei løysing ved sveising som ser ut som fungerar. Har sykla 5 mil no utan problem.

Eg må berre beklage at eg ikkje har fått oppdatert meir i det siste. Det er vanskeleg med eit mildt sagt ustabilt nett kombinert med at det er uråd å finne seg hotellrom i den kinesiske høgtida. No sit eg i eit sletent busstopp og skriv. Men eg skal gjere mitt ypperste for å kome med hyppigare oppdateringer.

God transport:

SAMSUNG CSC

Eg har kome rett:

SAMSUNG CSC

Ei natt overnatta eg i ein skog saman med tre karar frå det kinesiske militæret. Dette var typar som ikkje tok tenesta si spesielt alvorleg. Dei kunne ikkje noko engelsk (I likheit med så og seie alle her) så det var teiknspråk. Men vi fekk led. Eg klarte mellom anna å få påpeikt at dei hadde hår i lengste laget for å vere i militæret. Då sat latteren laust.

SAMSUNG CSC

Karane som fiksa sadelen min. Vernebriller? Nei, takk!

SAMSUNG CSC

Satser på å ha nokre nye ord og bileter snart igjen!

Mads