Eg skreiv sist at eg trudde og håpte eg var klar for Pamir-fjella. Det stemte ganske bra – men ikkje heilt.
Pamir-fjella er ein del av den autonome regionen Gorno-Badakhshan. Ikkje ulikt Tibet, Kurdistan og Bergen. Dei høgste fjella ligg på rundt 7.500 moh og er Stalin Peak, Lenin Peak med fleire. Pamir-fjella har ein av verdas høgstliggande vegar med pass opp mot 4700 moh. Med andre ord burde eg høyrd på Børge som for fleire år sidan sa: “Du må spare på lilleskiva”. Eg hadde verkeleg hatt bruk for lilleskiva her.
Eg slengte opp ein profil av hovudvegen i forrige post. Den profilen gjaldt hovudvegen i Pamir-fjella, M41. Men eg visste det fantes ei rute til. Nemlig Wakham valley som går longs den afghanske grensa mellom Khorog og Murghab. Det var denne eg hadde planer om å ta. Her slapp eg trafikk og den skulle by på flottare scenery.
Dette før eg møtte på to gærningar på hostellet mitt i Dushanbe. Ein bulgarar og ein tyskar på motorsyklar som faktisk kunne fortelje om ein tredje veg! Ein veg som er så liten og avsidesliggande at den berre er merka av som sti på kartet mitt. Ruta går mellom Rushon og Kara Kul i 400km opp Bartang-dalen. For å gje ei skildring av vegen vil eg sitere Lonely Planet som er mykje meir skrivefør enn meg: “At times the fragile road inches perilously between the raging river below and sheer cliffs above. Indeed it’s not rare for sections to become impossibly rough or require knee-deep fords. Still, strong 4WDs and even some adventurous motorcyclists (carrying enough fuel for 400km) have managed to traverse the whole valley in a few days.” Valget var enkelt. Det måtte bli Bartang.
Men fyrst måtte eg kome meg frå Dushanbe til Pamirfjella. Berre dette tok meg ei veke gjennom til dels svært dårlege vegar og høge pass. Men duverden, så flott terreng.
Frå Haburabot-passet:

Det er bratt. Sjekk hårnålsvingane:


Nokre teltspotter er berre betre enn andre. Dette er ein av dei aller beste eg har hatt:

Ungar longs vegen:

Etter å ha kjøpt inn større mengder mat på eit marked og tatt ei natt på eit homestay i Rushon satte eg i gang med turen opp Bartan-dalen. Allereie frå fyrste kilometer var det slutt på asfalten. Grusvegen byrja, og den vart berre verre og verre.


Og det måtte ein del skubbing til. Eg tipper at eg skubba sykkelen 20% av dalen. Her er det bratt (!!):

Som så og seie alle reisande til Sentral-Asia fekk også eg litt problemer med magen. Dette til tross for at eg filtrerte vatn eg drakk. Ein får ikkje flaskevatn i Bartang. I dei få få butikkane som er finn ein stort sett berre litt kjeks og drops. Dette er ein svært fattig del av verden. Difor vart eg svært glad då eg vart invitert heim til eit par i Basid. Eg overnatta der i to døgn før eg dro vidare opp dalen. Eg vart varta opp med kjempegod mat og fekk ei god madrass å sove på.


Det var fyrste skuledag etter ferien i bygda. Så då kler ungane seg opp:

Dyreliv:


Middagstid!

Etterkvart som eg kom lengre opp i dalen vart kartet mitt meir ubrukeleg. Eg måtte rådføre meg med lokalkjente for å vere sikker på at eg kom riktig. Kartet mitt vart difor bytta ut med eit laga av ein lokal størrelse:

Om dykk ser litt over midten på biletet er det teikna inn ei elv der ein skal fylgje elva opp eit stykke før ein krysser over ei bru og ned att på andre sida. Det den lokale ikkje var klar over var at eine sida hadde blitt vaska heilt vekk av elva.

Anten kunne eg ta vegen om Roshov. Dette ville ta eit døgn ekstra. Noko eg ikkje var så veldig interessert i. Eller så kunne eg krysse elva. Men eg vurderte det til at det ville vore for farlig. Straumen var for kraftig. Eg trur nok ikkje eg hadde reist med elva, men faren for å skade seg eller miste ting i elva var for høg. Eg valgte difor å klyve longs berget og vasse siste biten bort til vegen. Dette gjekk fint. Etter fleire turar fram og tilbake med vesker og sykkel var eg klar for å sykle vidare.

Landskapet i Bartang-dalen var fantastisk. Diverre er det ikkje mogleg å klare å gjengi kor heftig det var der oppe med bileter. Eller, iallefall klarer ikkje eg det. Dalen må ein berre oppleve sjølv.




Etter å ha forlatt siste lille landsbyen var det tre døgn til neste sivilisasjon. Eg hadde bunkra opp med pasta, så dette skulle gå fint.
Sjølvsagt skulle primusen slutte å fungere fyrste dag på dette strekket. Sjølvsagt. Det som hadde skjedd var at pakninga i pumpa hadde gått. Eg hadde med reservepakning, men klarte ikkje å løsne på mutteren som skulle holde ho på plass. Difor vart dei komande dagane ein tur på havregryn, ein brødskalk og nokre drops. Sjølv om eg var svært svolten på tampen gjekk det fint. Men eg var svært glad då eg kom fram til Kara Kul, ein landsby som ligg ved ein innsjø som følge av eit meteornedslag for 10 million år sidan. Denne innsjøen ligg på rundt 4000 moh og ligg altså høgre enn Titicaca-sjøen!

Eg fekk eit kviledøgn i Kara Kul der eg møtte på Jin, ein syklist frå Sør-Korea. Ei knalltøff dame som har sykla verda rundt i 5 år. Vi heldt følge saman heile vegen ned til Osh.



I morgon tenkjer eg at eg tar et fly opp til Bishkek for å ta nokre storbydagar der før eg får besøk her i Osh den 20. Å få besøk blir veldig veldig kjekt.
Mads