Denne er litt overdue. Eg har no passert halvparten av estimert distanse. Eg hugsar ikkje kva eg baserte denne distansen på. Trur det var sånn circa i Sørøstasia ish. I kjend stil er eg ikkje særleg glad i planlegging. Betre å gjere ting på slump. Minnast at eg også hadde eit par ærend i Trondheim avreisedagen. Vonar turen blir lengre enn 16.000km.
Dei siste vekene har eg hatt monge problem og mista ein del motivasjon. Men då eg byrja på siste strekket opp mot Dushanbe kjende eg att noko. Åh, så herleg det var. Dalatrekken! Ein mild vind frå Himalaya. Det var nesten som å vere tilbake på Sunnmøre. Eg trur og håper eg er klar for den store utfordringa som ligg føre meg. Å sykle i Pamir-fjella frå Tajikistan til Kirgisistan på grensa til Afghanistan, Pakistan og Kina. Ein liten godbit dette. Profil nedanfor:

- Kilometer:8915
- Land: 15
- Big Macs spist: 8
- Antall brett konsumert smertestillende/betennelsesdempende: 2
- Antall flats: 3
- Antall kjedeuljeflasker brukt: 3,25
- Antall bokser WD-40 brukt: 1,1
- Antall løpemeter Gaffateip brukt: 1 (Hol i bag, markering av hol i madrass og temporær vinkork)
- Kviledagar: 42
- Gjennomsnitteleg dagleg distanse: 94,7
- Lengste dagsetappe: 183 km (Şereflikoçhisar-Capadocia, Tyrkia)
- Kortaste dagsetappe: 16 km (Orašac-Dubrovnik, Kroatia)
- Maks antall døgn utan dusj: 8 (Tyrkia)
- Enklaste sykkelland: Tyskland
- Vanskelegste sykkelland: Uzbekistan
- Svakaste sjåførar: Kroatia
- Er på solbrillepar nummer 3
- Er på slipperspar nummer 3
- Favorittlunsj: Lagman i Uzbekistan. Ein må ha noko som er lett å spise og næringsrikt i vanvittige temperaturar. Denne lapskausen er krutt!
- Antall gonger jakta på av bikkjer: Alt for mange. Krapyl!
Mads