For eit par veker sidan fekk eg alle diarèers mor då eg sykla i Nord-Iran. Eg vart i tillegg svært slapp, så eg tok turen innom eit apotek for å få noko som kunne bøte på dette. Medisinen eg fekk skulle gjere at fordøyelsessystemet jobba saktere. På sykkelen igjen med Turkmenistan som mål. Eg måtte vere ved grensa den 28. juli for å sleppe inn i landet. Medisinen fungerte ikkje, så eg tok turen innom eit nytt apotek igjen i Mashhad og fekk antibiotika. Heller ikkje denne fungerte, men eg sykla likevel mot grensa. Temperaturen i området var nådelaus. Godt og vel 40 grader. Då eg skulle sjekke inn på hotellet ved grensa klarte eg ikkje stå oppreist lenger. Eg måtte legge meg ned i gangen medan resepsjonisten åpna døra til rommet mitt.
Eg klarte å få i meg litt mat om kvelden men vakna midt på natta og var fortsatt svært dårleg. Eg har sjeldan vore så redd og bekymra som då eg vakna denne natta. Det var først no eg byrja å tenke på kva alternativa mine var.
- Eg kunne entre Turkmenistan. Då måtte eg sykle minst 150km gjennom gloheit ørken på dårlege vegar for å ha håp om transport vidare til Uzbekistan. Om eg valgte å entre Turkmenistan hadde eg ingen moglegheit til å kome inn att i Iran.
- Eg kunne bli i Iran. Men det var siste dagen på visumet mitt i Iran, og sannsyn for at eg fekk forlengelse på dagen var minimal. I tillegg byrja eg å gå tom for penger (Det er uråd å ta ut penger i Iran. Alt du vil bruke må takast med inn i landet kontant)
- Eg kunne reise tilbake til Mashhad og ta første fly ut av landet.
Eg har lite tru på at MFA til Iran eller Turkmenistan ville gjort noko anna enn å servert meg ein god latter hadde eg kome dragsande med ei sjukemelding.
Turkmenistan er eit av landa eg verkeleg har gleda meg til å oppleve. Det er eit av landa i verden med desidert minst besøkande. For å ta ei samanlikning har Nord-Korea 4 gongar så monge besøkande kvart år som Turkmenistan.
Det var med svært tungt hjarte eg valgte alternativ 3. Eg fekk tak i ei drosje som køyrde meg i all hast dei 200km tilbake til Mashhad. Fortsatt er taxituren temmelig blurry. På godsterminalen fekk eg hjelp til å pakke inn sykkelen min. Fantastisk hjelp igjen av ein Iranar. For eit nydeleg folk. Turen min gjekk til Istanbul om Doha.
I retrospekt er eg vanvittig glad for at eg valgte å fly ut av Iran og ikkje byrje på turen gjennom Turkmenistan. Eg tør ikkje tenke på korleis det kunne gått med den tilstanden eg var i. Her i Istanbul har eg vore på Memorial Hospital og fått ein sjekk. Det har blitt tatt prøver opp i mente. Dei har ikkje funne noko feil i blodet mitt og har vel konkludert med at det er ein heftig Travellers Diarrhoea. Dette i kombinasjon med svært høge temperaturar og vanskeligheter med å innta nok mat og drikke og høgt aktivitetsnivå har vore altfor hardt på kroppen. Eg har mista mange kilogram siste månaden. Kven skulle trudd at vektendring er ein funksjon av inntak og forbruk av kaloriar? På sjukehuset fekk eg eit par julemiddagar intravenøst, litt ny medisin og klar beskjed om å ta det med ro ei stund. Derfor blir eg her i Istanbul ei veke no og har som plan å fly til Tashkent eller Dushanbe og fortsette turen derfrå.

Can´t win them all.
Mads