Eg hadde ei veke i Istanbul der eg knapt bevegde meg ut fra rommet mitt. Det einaste eg gjorde var å spise mat, drikke det eg kunne, knaske medisin og ligge under air condition på rommet mitt. Vel, eg hadde ein tur på ei sykkelsjappe for å kjøpe eit reservedekk og litt anna småtteri. Men det var alt. Truleg verdas mest kjipe turist. Når det er sagt vil eg nemne at Istanbul har longt fleire bombeåtak enn det som kjem fram i vestlige medier. Når det ikkje er vestlige som er råka er det heller ikkje interessant. Je suis Charlie…
Eg møtte opp i god tid på Atatürk for å sjekke inn. Likevel klarte eg berre akkurat å rekke flighten min til Tashkent, Uzbekistan. Ein kombinasjon av ubrukeleg personale og at eg har blitt ein helsikes kranglefant på tur gjorde at ting tok tid. Dei ville ha meg til å betale 120 juros for bagasjen min, 15kg sykkel og 35kg utstyr. Eg meinte hardnakka at det skulle vere 60 juros i henhold til reglane deira. Dei ga seg til slutt. Vel framme i Tashkent venta sjølvsagt eit par timar i passkø og x-ray av alt utstyret mitt. Utslitt ga eg blaffen i å forhandle med drosjesjåføren som eg visste ga meg 4-gongaren i rekning. Han verka nesten skuffa over meg.
Tashkent har ikkje mykje å by på. Mitt neste mål var Samarkand dryge 300km sørvest. Det var godt å setje seg på sykkelen att og kjenne at kroppen fungerte så vanvittig mykje bedre enn den gjorde på tampen i Iran. Men det er enno varmare her enn i Iran. Eg har opplevd temperaturar på 45 grader celcius.
Uzbekistan er kjend for å ha det ein kan kalle eit godt gammalt sovjetisk approach til politistyrken og til reglar. Du treff på check points svært ofte og politiet er veldig synleg i trafikkbiletet. Eg har også blitt gjort merksam på at alle overnattinger i Uzbekistan skal gjerast på godkjende hotell, der ein får eit registreringsbevis ein skal vise fram når ein forlet landet. Allereie første natta på vei mot Samarkand gjekk dette skeis for meg. Eg lyt forklare at det er vanskeleg å nå frå eitt hotell til eit anna når ein er på sykkel. Håper dei godkjenner dette når eg skal ut av landet og inn i Tajikistan.
Syklinga har vore ganske keisam til no. Det er padde flatt her, men eg tykkjer ikkje det er like goldt som i Iran. Eg tykkjer og det har vore ein fin overgang med folket her. Ikkje misforstå meg, Iran hadde ein heilt fantastisk gjestfriheit, men etter ein måned der samtlige vil prate med deg er det greit å kome til eit land der ein får puste ut litt og kan ta seg ein kvil i skuggen uten å bli vekt. I tillegg er den forbaska hijaben forsvunne. Og det er mogleg å prate med kvinnfolk og dei pratar med meg. Jøss, liksom.
Fyrste natta ut frå Tashkent vart eg altså stoppa av ein herremann i BMW som lurte på om eg ville ha mat. Oh, yes, indeed. Han kunne knapt eit ord engelsk, så lunsjen var meir ein et, smil, nikk og peik-ting. Etterkvart plukka eg opp mobilen min og viste biletet av eit telt for å høyre om han visste av ein plass eg kunne campe. Eg fulgte etter bilen hass i nokre kilometer. Det viste seg at vi skulle til huset hass. Yes!
I huset var kånå, sonen og svigerdotra. Ingen av dei var kapable i engelsk, så dei tilkalla den lokale lærarinna. Etter at ho var ferdig med å klippe sauane sine tok ho turen til huset og var henrykt over å for fyrste gong få praktisere engelsk med ein utlending. Ho dro på med klassisk Vigra-engelsk, medan ordforrådet var det så som så med. Eg har ein mistanke om at ho oversatte det eg fortalte til ho temmeleg fritt. Men men, kan jo fort tale til min fordel det. Etter å ha fortalt litt om turen min og der dei fortalte litt om seg, var det naturlegvis tid for å sjå på bryllaupsvideoen til sonen og svigerdotra. Kan dykk sjå for dykk ein Uzbekistansk bryllaupsvideo? Nei? Høgt fokus på bilkortesjer (Kun av Chevroletar, det er så og seie einaste merket her. Mistenkjer amerikanarane har vore hardt inne med dollarbunken i likheit med Baksaas og gutta boys), mobiltelefonar, smykker, parfymer (?!) og anna dilldall. Alt dette akkompagnert av sjølvaste Kygoen. Du har nådd toppen.
Men no høyrast eg litt syrlig ut. Familien var så fantastisk snille med meg. Eg vart servert mat, dei køyrde meg rundt slik at eg skulle få møte resten av slekta og dei ordna i stand eit rom for meg å sove i. Etter å ha underholdt i fleire timar falt eg rett i koma og sov utruleg godt. Eg er skikkeleg takknemleg for alle som inviterar meg heim!
Dagen etter satte var det tilbake på sykkelen og eg sikta meg inn mot Samarkand, denne gamle kjende slikerute-byen. Eg skal vere ærleg, når eg vanlegvis kjem til ein ny by er eg meir opptatt av å slappe av og ta det heilt med ro enn å vere turist. Men denne byen måtte eg berre oppleve. Foreslår å lese litt om byen. Eg legg berre ut nokre bileter eg har tatt nedanfor her.







Mads