Du har kanskje ein draum om å ligge på eit cruiseskip i Karibien eller ta deg ein oval weekend med kulturreise til den franske rivieraen? Dropp det. Det er definitivt Iran som bør ligge på bucketlista di.
Og då snakkar eg ikkje om å bu på eit fancy hotell i Tehran. Reis rundt. På sykkel. (Du bør kanskje unngå sumarmånadane) Eg har aldri opplevd og kjem nok aldri til å oppleve noko tilsvarande. Eit folk som er så ufattelig glad for å få besøk utanfrå. Så og seie kvar einaste eg møter på vinker til meg. Folk roper: «Mister, mister», «Welcome to my country, welcome to Iran!», «Where are you from?», «Thank you Mister». Eg er sikker på at eg kunne sykla gjennom heile Iran utan å bruke ein einaste Rial. Eg får så mykje når eg er ute på sykkel. Folk stopper opp og gjev meg vatn, frukt, godteri, tyggis (Eg har truleg litt reiseande). Eg har også blitt invitert på lunsj og ein på eit nabobord tilbydde seg til og med å betale for lunsjen min! Eg har ikkje samvit til å takke ja til akkurat det.
Eg har også blitt invitert med heim for å spise og overnatte ved fleire høve. Monge gonger har eg måtte sagt at eg ikkje kan då eg må sykle lengre. Men har eg fått invitasjon på tampen av dagen har eg gjerne sagt ja. Europa har så mykje å lære av Iran.
Den flottaste opplevelsen oppi alt dette var på Eid al-Fitr. På slutten av dagen hadde eg tatt meg ei pause i ein rolig småby. Som så monge gonger før kom ein kar bort til meg. Han kunne ikkje engelsk men ringte opp søstra si som sa at dei gjerne ville at eg skulle bli med heim i hagen deira og feire Eid. Dette sa eg straks ja takk til og sykla bak bilen til Mathis, som han heitte, nokre kilometer. Det var ikkje ein vanleg hage. Dette var ein flott gard der bestefar hadde bygd opp åkrar med hvete og salat og frukthagar med aprikosar, kirsebær, plommer og druer. Det var verkeleg flott å gå gjennom området. Han dyrka visst utan bruk av sprøytemiddel. Det var ikkje ein liten familie som møtte meg då eg kom fram til huset. Rundt 20 stykk sat på uteplassen og hilste på meg då eg kom. Eller, alle hilste ikkje, der var trillingar (!) tre månader gamle.
Bestefar henta stolt fram frukta frå hagen og ga meg. Utruleg søte og gode aprikosar. Himmel og hav. Eg åt og åt. Etterkvart vart det også ein god lunsj. Det meste av praten gjekk gjennom systra som var den mest stabile i engelsk. Etter lunsjen sa eg at eg måtte kome meg vidare. Det var ikkje aktuelt. Eg måtte bli med på middag, og så ynskja bestefaren at eg overnatta der i staden for å slå opp telt. Heilt greit for meg!
Store deler av familien som var der budde i Tehran, men hadde då som tradisjon å reise tilbake til bestefaren i provinsen Zanjan ved høgtider. Det er mykje mildare klima der enn i Tehran, her eg er no.
Etter ei god natts søvn, der karane sov i huset medan kvinnene måtte inn til byen og sove, var det på tide å kome seg vidare. Etter ein god frukost fekk eg sagt hadet til alle saman og retta snuta mot Tehran att.
![DSC_0128[1]](https://raudcola.com/wp-content/uploads/2016/07/dsc_01281.jpg?w=636)
![DSC_0131[1]](https://raudcola.com/wp-content/uploads/2016/07/dsc_01311.jpg?w=636)
![DSC_0139[1]](https://raudcola.com/wp-content/uploads/2016/07/dsc_01391.jpg?w=636)
![DSC_0134[1]_1](https://raudcola.com/wp-content/uploads/2016/07/dsc_01341_1.jpg?w=636)

Legg merke til korleis dei unge flyttar hijaben lengre og lengre av. Opprøyr!
PS: Som alle innlegga frå Iran er også dette lagt på delay.
Mads




