Turkish delight

Ankara har no tatt i mot meg. Eg hadde eigentleg ingen planer om å stikke innom AKP-hovudstaden, men har eit par byråkratiske ærend her før eg rettar snuta søraustover i Tyrkia.

På slutten av Istanbulopphaldet var eg temmeleg desperat etter å kome vidare. Å vere 6 dagar i same by går meg verkeleg på nervane. Grunnen til det longe oppholdet var at eg måtte vente på LOIen min til Uzbekistan og i tillegg hadde Iran valgt å stengje konsulatet sitt til 6. juni. Men når eg først fekk LOIen min klarte eg kunststykket å få både Iran-visumet og Uzbek-visumet same dag. God planlegging og råsykling gjennom Istanbul frå eit konsulat til eit anna ordna biffen.

Eg møtte fleire interessante typar på hostellet eg budde på. Mellom anna ein islamsk konvertitt frå Tsjekkia som har som mål å bli tsjekkisk president i 2018! I tillegg nevnte Amin som eg har planar om å møte når eg kjem til Iran.

Då eg hadde fått fiksa sykkelen min hjå sykkelmekanikaren i Istanbul vart eg invitert med på sykkelfestival. Dagen etter skulle ei politieskorte lose syklistar over Bosporus-stredet. Til dagleg er brua stengt for syklistar, så dette sa eg sjølvsagt ja til. Eg fann aldri att mekanikaren i folkemylderet dagen etter, men fekk meg ein flott tur over Bosporus. Alle syklistvariantar deltok på festivalen. Det er enkelt å spotte dei. Han som syklar ein gong i året, han som er jobbsyklist, han hipsteren på den shina hipstersykkelen utan gir til han duden i Sky-jersey med headset.

DSC_0053

Eg har vore småsjuk sidan Istanbul. Mistenker at eit tyrkisk bad er den skuldige. Men det er ikkje verre enn ei forkjøling og litt feber. Det har gått overraskande bra på vegen likevel. Eg trur eg delvis kan takke det milde veret eg har hatt sidan Istanbul. Det har vore flott å sykle. Tyrkia viser seg å vere perfekt for camping. Store områder med åpne åser og flater det er mogleg å setje opp telt på.

DSC_0078

DSC_0062

På det siste biletet er to av dei tøffe smågutane som kom bort til meg og observerte kva eg dreiv på med eine dagen. Eg tok til å lage meg middag på Primusen min, medan eg i beste Ingrid Espelid Hovig-stil forklarte kva eg laga. I det eg på rekordtid hadde gafla i meg middagen sa han til høgre; “We are Ramadan”. Kjem til å vere litt meir forsiktig framover. Denne kvelden overnatta eg på ein plen utanfor ein bensinstasjon igjen. Det er eigentleg ganske praktisk i blant. Fri tilgong til WC, WiFi og ein fin plen å overnatte på. Det har forresten kome meg for øyret at tyrkerne gjerne følger Ramadan når den er på vinteren men kviar seg litt meir når Ramadan er om sumaren. Herleg haldning. I like!

Nedanfor nokre bileter frå “arbeidsdagen” min.

Her på sykkelen:

Eg er glad i pauser:

SAMSUNG CSC

Lading av mobiltelefon om kvelden:

SAMSUNG CSC

Av og til får ein besøk i teltet. Nokre gongar kan det bli litt vel mykje:

Ellers har eg sett dei fyrste teikna på krigen i Syria. For eit par dagar sidan rasa to jagarfly over hovudet mitt søraust frå. Eg kjende eg fekk frysningar.

 

I dag har eg tråkka meg gjennom Ankara for å finne ambassaden til Turkmenistan og den norske ambassaden. I morgon skal eg innom den Turkmenske ambassaden for å prøve å vinne lotteriet om eit transitvisum. Eg noterte meg namnet på gata, Tek Yön. No når eg sit og trykker på Macen her på hostellet ser eg at Tek Yön betyr envegskjørt. Velvel, får satse på at eg klarer å finne tilbake likevel i morgon tidleg.

Mads