Verdsdel nummer 2!

Eg har iallefall vore innom. Eg bur no på hornet i Istanbul – I Sultanahmet – på den europeiske sida av Istanbul. Men eg hadde ein tur innom den asiatiske delen for å få gjeve sykkelen min ei spabehandling hjå ein mekanikar. Han kom aldri, så eg vende snuta tilbake til den europeiske delen. Det er nok ikkje monge som har tatt turen til ein annan verdsdel for å få fiksa sykkelen sin, i tillegg utan hell. Eg fann likevel ein mekanikar på den europeiske delen. Så forhåpenligvis skal sykkelen vere klar om eit par dagar.

Eg brakk bremsefestet på gaffelen for nokre veker sidan og har sykla kun på bakbremser. Eg måtte ha ny gaffel. Jens i browncouch.no satte himmel og jord i bevegelse for å få sendt ein gaffel nedover til Istanbul for meg. STOR takk til han. Det var ikkje få blikk eg fekk då eg rota rundt på Metroen med ei brun pakke få månader etter terroråtaka her.

DSC_0018

Min fyrste skikkelege grenseovergang vart mellom Hellas og Tyrkia. Dette visste eg for så vidt. Men det var ikkje snaue greier. 4 check points måtte eg gjennom. I tillegg sto der militærpersonell med automatvåpen på brua over Maritsa-elva. Men eg følte meg ikkje akkurat lite velkomen når eg på check point 2 vart invitert inn i vaktbua på ein çay. Kjempetriveleg velkomst til Tyrkia.

DSC_0004

Eg møtte også på to andre syklande som var på veg inn i Hellas. Det viste seg at dei var komne frå Vietnam! Dei hadde sykla omtrent same ruta som eg har planar om å sykle. Etter utveksling av kunnskap om Tyrkia og Hellas ga dei meg alle leftover-sedlane sine frå Sørøst-Asia og tips om kvar eg skulle overnatte fyrste natt i Tyrkia. Dette vart på ein plen uttafor ein bensinstasjon nokre mil innafor grensa.

Turen inn i Istanbul var eit inferno i 7 mil. Himmel og hav for eit kaos! Nokre stader hadde eg faktisk ikkje anna alternativ enn å sykle på 12-felts veg. Desse 7 mila tok 10 timar. Ut av Istanbul tenkjer eg å ta ferga ned til Yalova for å spare nervane.

DSC_0014

Eg blir i Istanbul ei god veke. Eg har som nemnd byrja visumsøknadane. Iranvisumet mitt er visstnok klart og ligg på konsulatet her i byen. Men då eg kom meg bort dit viste det seg at dei av uviss grunn held stengt til 6. juni. Det er greit. Eg må uansett vente på LOIen min til Uzbekistan.

Når eg ikkje har hatt ting å måtte gjere her i byen har eg vore turist og traska mållaust rundt og sett på bygninger og folk. Etter oppmoding har eg også tatt turen til The Pudding Shop. Ein møtestad for deltids- og fulltidshippiar på 70-talet. Staden heitte eigentleg ikkje The Pudding Shop, men han vart omdøpt til det då monge som besøkte den refererte til sjappa ved den blå moskè med dei gode puddingane. Her var det ei tavle der ein kunne skrive meldingar til kjende som også var på reisefot. Ei av dei mest kjende er frå “Megan” til “Malcolm” der ho ber om årsak for “the business down in Greece”. Stor humor. Staden er nok ikkje som den ein gong var. Det er ei fallitterklæring når ein skriv “The World famous…” i tittelen på restauranten.

DSC_0024DSC_0026

Eg bur på eit hostell saman med folk av forskjellige nasjonalitetar. Ho som driv hostellet er kurdar og ein er iran-californier (fin miks). Eg har fått ein del tips for den vidare reisa mi etter kvart og gleder meg til det. Berre eg taklar temperaturane som kjem. Det kan bli BRENNhett.

DSC_0016DSC_0023

Mads