No ligg eg rett ut på senga på hotellrommet mitt her i Erzurum. Det er på tide å kome med nokre meir eller mindre velvalgte ord om dei siste dagane.
Eg traff på to trivelege typar i Ankara, Jonathan, ein Canadier som sykler omtrent same ruta som meg, og ein franskmann på tur med motorsykkel gjennom Europa og Asia

I Ankara sto det mellom å rette snuta direkt austover mot Iran saman med Jonathan eller å få med seg Capadocia via ein 300km detour sørover. Capadocia har vore eit av dei store ynskja mine på turen, så det vart det siste. Møter nok kanskje på Jonathan igjen i eit Stan-land.

Capadocia er eit område midt i Tyrkia som består av nokre heilt spesielle steinformasjonar. Alle som drar til Tyrkia bør ta turen for sjå dette eineståande området. Eg trur ikkje eg skal skrive så mykje meir om det, men heller lime inn nokre bileter eg har tatt.




Etter eit par dagar med saumfaring av Capadocia sa eg meg nøgd. Til tross for å ikkje ha kome meir ein halvvegs i Tyrkia var eg allereie klar for neste land. Iran. Eg smurte kjedet og satte i veg. Dekka mine frå Schwalbe har vore heilt fantastiske og holdt utan punkteringer i 5000km. Men etter Capadocia køyrde eg på noko spiker som gjorde at eg måtte stoppe og skifte slange. Medan eg sat i grøfta og rota kom ein syklist bort til meg og hilste på meg. Eg og Ed skulle kome til å sykle saman i 7 døgn frå Capadocia til Erzurum.
Ed hadde blitt klar for nye utfordringar heime i Birmingham og hadde tatt nokre teltdøgn i Skottland som ein test før han sa opp jobben sin og satt seg på sykkelen for eit to år lang eventyr gjennom Europa, Asia og Sør- og Nord-Amerika. No traff vi kvarandre då tilfeldigvis her i Tyrkia og fann ut at vi hadde samanfallande ruter fram til Erzurum. Ed er ein skikkelig behagelig type som viste seg å vere veldig enkel å sykle saman med. Vi har også omtrent same rytme på pauser og campingrutiner, noko som er ei veldig fin forutsetning for å sykle saman. I tillegg skulle det vise seg at vi fekk motvind i 7 døgn og at vi skulle få fleire svært tunge pass å sykle over. Då er det iallefall veldig greit for meg på nærare 100kg å ha ei fjellgeit til å dra meg opp bakkane. Thanks for the nice days in Turkey, Ed!
Ed mot vinden:

Lausbikkje som holdt vakt ved telta våre heile natta:

Redder morgenteen frå ei høne:

Fine campspotter i heile Tyrkia:


Eg held meg for det meste inne her i Erzurum. Vanskelig å gjennomføre ein god eat, sleep, repeat under Ramadan her. Har høyrd nokre rykter om folk som er blitt kjeppjaga for å så mykje som å ta seg ein sigarett i gata. Når det er sagt høyrer ein mykje rykter på ein slik tur. Og det er gjerne tredjepartsinformasjon. Tar det med ei klype salt (vel og merke etter solnedgong).
Eg har snaue 300km til grensa no. I Iran kan det bli vanskeleg å oppdatere denne sida. I tillegg er det kanskje ein del eg bør spare på til eg har kome vidare på ruta mi. Det er berre å vente og sjå!
Mads












