Balkan rocks!

Til tross for eit veldig kjekt opphold i Dubrovnik var det no verkeleg på tide å kome seg vekk frå kysten. Nok var nok. Eg måtte vekk frå turistfellene og oppleve litt andre ting. Her på veg ut av gamlebyen i Dubrovnik:

dub

Montenegro vart tilbakelagt på ein dryg dag. Eg hadde eigentleg planar om å sykle frå Albania rett til Makedonia. Men det dukka opp eit ærend på ambassaden i Prishtina slik at det vart ein detour nordover att og inn i Kosovo. Frå Bar vende eg vekk frå kystvegen og i retning Shkodër. Rett på fjellstigning. Slutt på campingvogner og lokale som eigentleg har lite til overs for turistar. Herleg!

DSC_0033

SAMSUNG CSC

Når det er sagt fekk eg for fyrste gong på turen sett utstrakt fattigdom. Små jenter som plukker i søpla etter noko av verdi. Gras blir fortsatt fjerna med ljå og hesten er flittig brukt. Midt i den relative store byen Shkodër vart eg vekt av hanen. Men for fyrste gong på turen blir eg monge gonger for dagen møtt av eit smil og hallo frå veikanten. Kjempekjekt!

Her er ei i Tine Fotballskule-tskjorte:

DSC_0034

SAMSUNG CSC

Hei! Eg berrre står her og ser sånn passe bildeskjønn ut:

SAMSUNG CSC

Frå Shkodër var planen å sykle heilt til Fierze sjølv. Men som det så ofte skjer vart planen forandra. Eg stoppa i ein tung motbakke i ingenmannsland der det faktisk var ein Cafè. Ingen gjestar. Eigaren kom ut og ropte meg inn og sa eg måtte ta ein kaffe. Eg hadde ikkje noko lokal valuta igjen, berre nokre sletne juros. Han snakka ikkje engelsk, men han skjønte tegninga og eg forsto at eg skulle få kaffen. Så tok han fram ein papirlapp og byrja å teikne noko som minna om et kart. Det viste seg at han reklamerte for ei ferge som gjekk frå Koman til Fierze på ein oppdemma innsjø. Eg hadde ingen aning om dette, men det høyrdes spanande ut! Etter mykje teiknspråk peiking og gestikulering forsto eg at ferga gjekk klokka 3, tok 2 timar og ville koste 7 juros. Det hadde eg akkurat nok til. Purrfect!

Bilete av Cafèeigaren Aleksander. Kanskje Albanias tøffaste kar.

DSC_0030

Då eg kom fram til Koman var der engelskspråkelege. Dei kunne fortelje meg at den einaste avgangen frå Koman gjekk klokka 9 om morgonen, tok 4 timar og kosta 10 juros. Eg har nok litt att på teiknspråket mitt.

Eg fekk masa meg til å ta ferga dagen etter for dei siste 7 jurosa eg hadde. Men eg måtte ha til overnatting og sidan det var berre moglegheiter til å overnatte på hotellet der. Long story short, så sa hotelleigaren at eg kunne overnatte på terrassen på hotellet for 3 juros. Desse pengane fekk eg med eit engelsk sykkelpar som eg skulle betalte tilbake når vi kom til andre sida. Ting pleier som oftast å ordne seg.

Her er ferga på veg inn til Koman. Å kalle det ei ferge er nok ein fornærmelse mot ferger. Dette var meir ein pram ein kunne (om ein turde) køyre bilen sin i.

DSC_0041

Havneområdet. Dette biletet viser heile området inkludert hotellet. Ein kom til området gjennom tunnelen på biletet frå lengre nedafor demninga:

DSC_0047

Turen til Fierze var veldig fin. Stupbratte Albanske fjell.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

På ein odde longt i gokk sto der 2 mennesker og to esel. Meget spesielt. Det var stupbratte fjell rundt dei og fleire mil til næraste veg:

SAMSUNG CSC

DSC_0057

Kvelden før avreise vart eg kjend med kapteinen ombord. Ein svært hyggeleg type ved namn Bardhok. Han inviterte meg heim til landsbyen hass Berisha som låg på fergeruta. Det var kun mogleg å kome dit med båt. Eg kunne diverre ikkje då eg hadde ein avtale med ambassaden her i Prishtina. Bardhok hadde tatt seg nokre pils kvelden før avreise, som seg hør og bør.

DSC_0059

Ein liten digresjon om demninga som vart sett opp på 90-talet er at ingen av dei som eigde hus som vart liggande under vatn fekk dekt å bygge på ny. Sjukt.

På 90-talet og byrjinga av 2000-talet var det monge nordmenn som var i Kosovo Polje og tenestegjorde. Blant dei var krigsveteranen Marius som passa på dette monumentet i eitt år medan han køyrde knallhard two can rule policy:

DSC_0066

 

Edit: Det har kome meg for øyret at dette er feil monument.

Eg blir no i Prishtina til sundag. Då er planen å reise sørover mot Makedonia. Møtte på ein gresk type på motorsykkel her på hostellet som kunne anbefale turen. Det er også mogleg det blir litt Ouzo og Tzatziki nokre dagar seinare.

Till then. Prækas!

Mads