Closing up on Asia

Eg ligg no i Alexandropouli, 5 mil frå grensa til Tyrkia. Eg har hatt nokre av dei finaste dagane på turen. Til tross for den svakaste vegstandarden so longt på turen, viste Makedonia seg å vere eit veldig flott sykkelland sør for Skopje. Her går det ein flott serviceveg til motorvegen heilt til Hellas. Det er nesten ikkje bilar på vegen. I tillegg syklar ein gjennom fint landskap. Turen kan anbefalast til alle som har lyst på ein sykkelferie. Eg har planar om å legge ut mine favoritt-ruter på nettsida her. Skal sjå om eg hugsar det på slutten av dette innlegget.

Då eg nærma meg grensa til Hellas hadde eg planer om å slå opp telt i ein ubebodd dal. I det eg byrjar på dalen kjem der ein 4×4 mot meg. Det er fleire i bilen. Han som køyrer vinker febrilsk og ber meg stoppe. Eg ser (og høyrer) med ein gong at desse ikkje er makedonske. Det står POLIZEI på skjorta til han som kjem ut av bilen. Kva har eg gjort no?? Det viser seg berre at han eine var interessert i sykling og svært interessert i turen min. Eg står og fortel og forklarar i eit kvarter. Han kunne heller tenkt seg å vere på tur enn der, seier han. I dumskap spør eg kva østerriksk politi gjer i Makedonia. Dei er der sjølvsagt på grunn av flyktningane. Dalen er svært populær for dei som vil lengre nord. Han spør meg så om eg har sett nokon flyktningar. Som sant er seier eg at eg ikkje hadde sett nokon. Med fare for at østerriksk politi har bookmarka denne nettstaden… Tvilar på konstabelen hadde fått anna svar.

Eg har vore monge gongar i Grekenland på chartertur. Tzatziki, Mythos, Laouto, Frappe og muntre grekarar. Det er dette eg kjenner som Hellas. Det var eit heilt anna bilete som kom til syne over grensa frå Makedonia. Store nasjonalvegar gjengrodd og nestan utan trafikk, småbyar der så og seie alt er lagt ned. Marked, kafear, postkontor. Alt. Det einaste ein ser er dei over 80 som er att og traskar rundt i gatene. Spesielt. Og trist. Dei unge er forsvunne. Til dei større byane, til andre land, til betre moglegheiter. Hellas har vore i krise i straks 10 år, og det er ingenting som tyder på at det er recovery på gang. Eg fekk skikkelig guffen følelse dei første mila i Hellas.Her er det autovern på begge sidene av vegen:

DSC_0030

Ei eldre dame kosta vegen i ein forlatt småby:

DSC_0028

Ting skulle betre seg. Etter ei perfekt overnatting på stranda i Fanari fekk eg den finaste syklinga på turen så longt mellom Fanari og Alexandroupoli. Først flatt med bondeland til venstre, Middelhavet og sola til høgre. Skyfritt og vindstille. Temperatur nærare 30. Det var så fint å sykle at eg ga blaffen i å bruke kameraet. Nedanfor er nokre bileter frå større pauser.

DSC_0043

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Ein dag då eg sat i ein park for å lage middagen min før eg skulle finne meg ein stad å slå opp telt kom ein eldre herremann. Vi byrja å prate. Då eg fortalte at eg var frå Noreg la han direkt om til flytande svensk. Konstantin hadde budd nærare 40 år i Sverige, der han visstnok hadde vore politikar og hatt mange “företak”. Han kjente mellom andre Carl Bildt påsto han. Om det er sant eller ikkje får vel forbli ukjent. Han hadde monge historier som eg mistenker var pynta vel hardt på. Men no var han altså flytta tilbake og forstyrra meg under matlaginga mi. Det var pasta på menyen igjen. Han kauka. “Men vad fan. Du måste tillaga allt på en gång! Om du hade satt upp 100 kvinnor, jag hade varit bättre än alla i matlagning!”

Han spurte om eg hadde nokon stad å sove for natta. Eg sa eg hadde planer om å finne meg ein stad å slå opp teltet mitt. Han sa eg heller skulle bli med han slik at eg kunne overnatte i det gamle verkstedet hass. Det ville eg gjerne. Men først vart eg invitert heim på Ouzo og bakervarer. Kjekt!

DSC_0035DSC_0036

Ein ting! Gamle nasjonar som Tyskland og Hellas har typisk vore minst utvikla på ting som WiFi og mobildata. Forbaska snodig at ein ikkje prioriterar slike ting.

No står Tyrkia for tur. Asia. Det blir heilt annleis enn kva eg har sykla i så longt. Eg gleder meg. Eg gruar meg. Europa har berre vore ei lett oppvarming. No startar det. Damn!

Mads

Stats and stuff 2

Etter 100 lette kilometer mellom Prishtina og Skopje har eg no passert 20%-ern. På tide med ei oppdatering.

  • Kilometer: 3320
  • Land: 10
  • Big Macs spist: 3
  • Big Macs forbrent: 428
  • Antall brett konsumert smertestillende/betennelsesdempende: 2
  • Antall flats: 0 (Thanks Schwalbe)
  • Antall kjedeuljeflasker brukt: 2
  • Antall bokser WD-40 brukt: 0,5
  • Antall løpemeter Gaffateip brukt: 1 (Hol i bag, markering av hol i madrass og temporær vinkork)
  • Kviledagar: 13
  • Gjennomsnitteleg dagleg distanse: 67,7 km
  • Antall gonger jakta på av bikkjer: Alt for mange. Krapyl!

Mads

Balkan rocks!

Til tross for eit veldig kjekt opphold i Dubrovnik var det no verkeleg på tide å kome seg vekk frå kysten. Nok var nok. Eg måtte vekk frå turistfellene og oppleve litt andre ting. Her på veg ut av gamlebyen i Dubrovnik:

dub

Montenegro vart tilbakelagt på ein dryg dag. Eg hadde eigentleg planar om å sykle frå Albania rett til Makedonia. Men det dukka opp eit ærend på ambassaden i Prishtina slik at det vart ein detour nordover att og inn i Kosovo. Frå Bar vende eg vekk frå kystvegen og i retning Shkodër. Rett på fjellstigning. Slutt på campingvogner og lokale som eigentleg har lite til overs for turistar. Herleg!

DSC_0033

SAMSUNG CSC

Når det er sagt fekk eg for fyrste gong på turen sett utstrakt fattigdom. Små jenter som plukker i søpla etter noko av verdi. Gras blir fortsatt fjerna med ljå og hesten er flittig brukt. Midt i den relative store byen Shkodër vart eg vekt av hanen. Men for fyrste gong på turen blir eg monge gonger for dagen møtt av eit smil og hallo frå veikanten. Kjempekjekt!

Her er ei i Tine Fotballskule-tskjorte:

DSC_0034

SAMSUNG CSC

Hei! Eg berrre står her og ser sånn passe bildeskjønn ut:

SAMSUNG CSC

Frå Shkodër var planen å sykle heilt til Fierze sjølv. Men som det så ofte skjer vart planen forandra. Eg stoppa i ein tung motbakke i ingenmannsland der det faktisk var ein Cafè. Ingen gjestar. Eigaren kom ut og ropte meg inn og sa eg måtte ta ein kaffe. Eg hadde ikkje noko lokal valuta igjen, berre nokre sletne juros. Han snakka ikkje engelsk, men han skjønte tegninga og eg forsto at eg skulle få kaffen. Så tok han fram ein papirlapp og byrja å teikne noko som minna om et kart. Det viste seg at han reklamerte for ei ferge som gjekk frå Koman til Fierze på ein oppdemma innsjø. Eg hadde ingen aning om dette, men det høyrdes spanande ut! Etter mykje teiknspråk peiking og gestikulering forsto eg at ferga gjekk klokka 3, tok 2 timar og ville koste 7 juros. Det hadde eg akkurat nok til. Purrfect!

Bilete av Cafèeigaren Aleksander. Kanskje Albanias tøffaste kar.

DSC_0030

Då eg kom fram til Koman var der engelskspråkelege. Dei kunne fortelje meg at den einaste avgangen frå Koman gjekk klokka 9 om morgonen, tok 4 timar og kosta 10 juros. Eg har nok litt att på teiknspråket mitt.

Eg fekk masa meg til å ta ferga dagen etter for dei siste 7 jurosa eg hadde. Men eg måtte ha til overnatting og sidan det var berre moglegheiter til å overnatte på hotellet der. Long story short, så sa hotelleigaren at eg kunne overnatte på terrassen på hotellet for 3 juros. Desse pengane fekk eg med eit engelsk sykkelpar som eg skulle betalte tilbake når vi kom til andre sida. Ting pleier som oftast å ordne seg.

Her er ferga på veg inn til Koman. Å kalle det ei ferge er nok ein fornærmelse mot ferger. Dette var meir ein pram ein kunne (om ein turde) køyre bilen sin i.

DSC_0041

Havneområdet. Dette biletet viser heile området inkludert hotellet. Ein kom til området gjennom tunnelen på biletet frå lengre nedafor demninga:

DSC_0047

Turen til Fierze var veldig fin. Stupbratte Albanske fjell.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

På ein odde longt i gokk sto der 2 mennesker og to esel. Meget spesielt. Det var stupbratte fjell rundt dei og fleire mil til næraste veg:

SAMSUNG CSC

DSC_0057

Kvelden før avreise vart eg kjend med kapteinen ombord. Ein svært hyggeleg type ved namn Bardhok. Han inviterte meg heim til landsbyen hass Berisha som låg på fergeruta. Det var kun mogleg å kome dit med båt. Eg kunne diverre ikkje då eg hadde ein avtale med ambassaden her i Prishtina. Bardhok hadde tatt seg nokre pils kvelden før avreise, som seg hør og bør.

DSC_0059

Ein liten digresjon om demninga som vart sett opp på 90-talet er at ingen av dei som eigde hus som vart liggande under vatn fekk dekt å bygge på ny. Sjukt.

På 90-talet og byrjinga av 2000-talet var det monge nordmenn som var i Kosovo Polje og tenestegjorde. Blant dei var krigsveteranen Marius som passa på dette monumentet i eitt år medan han køyrde knallhard two can rule policy:

DSC_0066

 

Edit: Det har kome meg for øyret at dette er feil monument.

Eg blir no i Prishtina til sundag. Då er planen å reise sørover mot Makedonia. Møtte på ein gresk type på motorsykkel her på hostellet som kunne anbefale turen. Det er også mogleg det blir litt Ouzo og Tzatziki nokre dagar seinare.

Till then. Prækas!

Mads

Kroatia

Det har vel gått eit par veker sidan sist eg skreiv noko her. Det er nok som rosabloggarane seier, blogging er ikkje ein 8-4-jobb. Dette er knallhardt. Eg har forflytta meg gjennom Kroatia sidan den gong. Eg er no i Dubrovnik og har hatt ferie frå ferien her. Kroatia er longt. Og ikkje minst variert.

Eg var klar over at det var mykje fjell her. Men det byrja meget hardt på grensa frå Slovenia. Opp gjennom nokre åser sørover frå Podbočje sa GPSen at det var ein liten veg som skulle treffe vegnettet i Kroatia. Heller dette enn mykje trafikk på hovedvegen, tenkte eg. Det var ein tung veg med mykje skubbing, men igjen vart eg lønna med fint landskap og lite trafikk. Kjekt!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

I det eg kom til check pointet mellom Slovenia og Kroatia såg eg ikkje nokon så eg berre gjekk rett gjennom. Nokre meter høgre oppe høyrde eg bak meg eit høgt “STOP!”. Akkurat, då var her folk likevel, då. Etter nokre unnskuldingar fekk eg fomla fram passet mitt. Politidama spurte meg om kva i alle dagar eg gjorde her og korleis eg hadde funne vegen. Det var visst berre lokale som visste om denne. Eg måtte forklare kva ærendet mitt var. Etter nye spørsmål og ein prat med kollegaen hennar sendte dei meg vidare.

Endeleg! Kroatia!

SAMSUNG CSC

Etter ein prat med kano-helten frå forrige innlegg tilråda han meg å sykle i fjella nedover mot Split i staden for å sykle ut til kysten med ein gong. Eit råd eg fulgte. Det var overraskande aude i innlandet i Kroatia. Mykje skog, fjell og vidder. Faktisk ikkje ulikt delar av Noreg. Eg kunne sykle oppimot 10 mil utan å vere innom noko landsby. Eg liker godt dette og gleder meg til å få MYKJE meir av det seinare. *Host* Kina *host*.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Eg fekk også smake på dårleg ver i fjella. I to dager snødde det!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Etter å ha vore kald i nokre dager var det meget godt å komme til det siste fjellpasset før Split og trille ned mot Adriateren og berre kjenne at temperaturen steig betraktelig.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

DSC_0409DSC_0403

Frå Split og sørover longs kysten fekk eg verkeleg smake på turist-livet. Plutselig kunne alle engelsk. Alt var tilrettelagt. “Caffe Bars” og “Apartmans” fans i tusental. Eg var verkeleg på ferie.

No har eg vore nokre døger i Dubrovnik. Eg har stortrives her og har også fått besøk av Torunn. Flott by!

DSC_0456DSC_0451DSC_0442DSC_0439DSC_0436DSC_0429

Torunn har fått seg ein ny ven:

DSC_0453

Om nokre få dagar rettar eg snuta mot Istanbul! Ein meget stor milepæl. Knutepunktet mot aust og Asia. Det er då turen verkeleg tek til. I den forbindelse har eg alt byrja på kabalen med å ordne visum. Eg mistenkter allereie no at det kan by på mykje fortvilelse for ein med over gjennomsnittet stor aversjon mot byråkrati. Velvel, first things first: 1300km til Istanbul. Jess!!

Mads