På grensa til Syden

Eg er no ferdig med Slovenia og i ferd med å entre Kroatia. For dei fleste kjent som Syden. Eg klarer knapt vente på late dagar longs Adriaterhavet! Men fyrst nokre ord på turen longs jarnteppet.

Dagsetappene har blitt lettare og lettare å gjere unna. Eg har byrja å få dreis på rutinene på sykkelen. Om morgenen har eg gjerne pinne stive bein så dei 10 første kilometerne syklar eg svært sakte. Eldre damer på “3-girs DBS” gjev meg eit cheeky Tschüss i det dei trør forbi. Medan eg mot slutten av dagen tidvis har brukt bukken. Eg har også byrja å nærme meg å ete nok. Eg anar ikkje kor mykje eg får i meg i laupet av ein dag, men ein 6-pack Mars bars kan ein dag vere berre ein liten del av mellommåltida mine.

Fyrste land etter Tyskland var Tsjekkia. Eg hadde eigentleg ikkje forventingar til Tsjekkia. Eg visste at dei er meget dyktige på å lage øl der. Og at Praha skal vere ein fin by. Bortsett frå det kunne eg ikkje så mykje. Og det er vel stort sett det eg sit att med frå Tsjekkia. Syklinga der var eigentleg kjip. Småampre bilistar og åser opp og ned i det uendelege. Og dessutan hadde eg ei litt ubehageleg natt i ein potetkjellar. Får la detaljane rundt den ligge.

Eg har hoppa fram og tilbake mellom Vest- og Austeuropa. Det som har fascinert meg mest er kor stor forskjell det fortsatt er mellom dei to. Det er svært tydeleg at det er trangare kår i den delen av Europa som låg aust for jarnteppet. Ein har mindre pengar, færre jobbar og eg føler ein er meir alvorstynga enn folk frå Vesteuropa. Samtaletema har gjerne vore politikk. Og korleis ein føler det ikkje eksisterer demokrati. På vestsida har slike tema aldri dukka opp. Har ein det godt er det heller ingen grunn til å setje spørjeteikn til noko?

Av landa eg har vore gjennom til no har eg likt Østerrike best. Det har nok noko å gjere med veret eg har hatt dagane der. 23 grader og sol er ikkje å forakte! (Høyrer det er snø i Torndheim) I tillegg peila eg meg inn på EuroVelo 6 longs Donau og EuroVelo 9 frå Wien og sørover mot Slovenia. Begge sykkelrutene longs flotte vindistrikt. Eg trur aldri eg har smakt Østerriksk vin. Men det må prøvast.

thumb_SAM_0404_1024thumb_SAM_0403_1024thumb_SAM_0400_1024thumb_SAM_0395_1024thumb_SAM_0410_1024thumb_SAM_0398_1024

Fancy! Her brukar ein elva som motor for ferga:

thumb_SAM_0377_1024

Wien:

thumb_SAM_0408_1024

Det har blitt enno vanskelegare å stealth campe, men eg har ved eit par høve fått slå opp telt i hagen til folk.

thumb_SAM_0402_1024thumb_SAM_0417_1024

thumb_SAM_0364_1024

Eg har også hatt ein velt, uheldigvis. Det skjedde i dag. Litt før hadde eg rota meg ut av ein sykkelsti og inn på eit jorde og fått metta dekka med gjørme. Dette ergra meg og eg fokuserte meir på hjula enn på vegen når eg var tilbake. Big mistake. Plutselig traff eg fortauskanten og flaug ut i grøfta. Det resulterte i ei skulder ut av ledd og ei lårhåne. Eg fekk lirka skuldra på plass att. Men det er fælt vondt når den er ute av posisjon. Det ser ut som det har gått bra med sykkelen, heldigvis. Frambremsa er øydelagt. Men ellers er både ramme og felg 100%.

Der graset er bøygd ned er krateret etter meg:

thumb_SAM_0418_1024

Eg er no svært klar for Balkan. Ein del av Europa eg har farta rundt ein del i før. Fine folk, god mat og godt øl. Dette blir bra. Men første del blir nokre rolige dagar på ferie-Balkan. Det skal bli fint å slappe av og etterkvart få besøk.

Mads