I Oslo og ferdig med transportetappa

Eg såg heile tida på etappa mellom Trondheim og Oslo som ei transportetappe. Eg måtte nå Kielferga 5 dagar etter start i Trondheim. Turen byrja i byrjinga av april, noko som kunne by på litt labert ver. Som det gjorde. I 5 døgn.

Delen mellom Trondheim og Berkåk har eg sykla fleire gongar før så det var kjent terreng. Allereie frå første pedaltråkk byrja uveret. 5 cm nysnø på Tiller.

Etter Berkåk gjekk eg for Østerdalen sidan det er meir oversiktleg med tanke på trafikk Den er også slakare enn Gudbrandsdalen. Ved Kvikne venta både snø og sterk vind.

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

 

Resten av Østerdalen fortoner seg i form av skog og elg. Kjend drill:

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

Alle kleda mine var gjennomvåte. Eg kom difor på at eg skulle svippe innom Opphus. Ein stasjon i tjukkaste gokk i Østerdalen, der tog berre stoppa om ein tok direkte kontakt med lokførar. Som eg håpte var der eit venterom og ikkje eit menneske å sjå. Eg la meg til der for natta og fekk tørka kleda mine.

SAMSUNG CSC

Først på dette tidspunktet såg eg at eg hadde forfryst ei tå. Kombinasjonen cleats, sludd og vind er ikkje krutt for tær. Eg forfraus tærne mine for 15 år sidan og er spesielt eksponert for nye forfrysninger. Ved framtidige dagar i kulde kjem eg til å droppe cleats og modifisere overtrekket litt.

Då eg var komen til Elverum sto valget mellom å sykle sørover til Konsvinger eller å sykle vestover til Mjøsa. Eg visste det skulle vere laga eit nytt Mjøstråkk for syklande longs Mjøsa i desse tider. Men eg var ikkje sikker på om den var ferdig. Som backup-løysing var vegen over fjellet på grusveg frå Espa eit alternativ. Eit lite fristande alternativ. For å vere sikker på at Mjøstråkket var ferdigstilt ringte eg Statens Vegvesen. Ho som svarte ville vite kva fylke Mjøsa låg i. Vi er ille ute og køyre tenkte eg. Ho kunne definitivt ikkje svare på spørsmålet mitt, og sykkeleksperten som ho kalla han var i møte til klokka 2, og kunne tidlegast nåast klokka 3. Eg såg på klokka. Den var 12. Eg la på og byrja å sykle mot Mjøsa.

Etter ein 3-pack bollar på Espa (Kva er så spesielt med desse bollane eigentleg?) skjønte eg at det ikkje gjekk an å kome seg vidare longs Mjøsas bredder. I det eg var i ferd med å snu for å sykle over fjellet såg eg eit skilt som peika mot anleggskontoret til Statens Vegvesen. Eg sykla opp til det. Klokka var 1605, så der var det sjølvsagt mørkt. Derimot så kom ein lokal entrepenør køyrande. Eg fekk vinka han inn og spurte: “Du, er det mogleg å sykle longs Mjøsa no eller må eg ta den looonge vegen over fjellet?”. “Nææh, den er nå itte ferdig. Meeeen, det er bare je og enn te som jobber nå. Du kan ta anleggsveien. Men pass de for dumpern. Det er jævlig bratt og han ser de itte.” Med lovnader om å trille sykkelen i bakkane for eg av garde.

Å prøve å sykle bakkane kunne eg bare gløyme. Det var berre så vidt eg klarte å trille opp sykkelen. Absurd bratt. Turen om anleggsvegen til Minnesund gjekk særs bra. Kjekt å vere heilt aleine på ein slik grusveg og sjå ned på nye E6.

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

Etter ei siste natt ved Mjøsas bredder kunne Oslo ønske velkommen i Groruddalen.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

 

I utgangspunktet var eg svært spant på korleis bilistar ville forholde seg til meg. Men stort sett alle viste hensyn. Det var kjekt.

I morgon set eg meg på båten til Kiel. Torsdag venter Schleswig-Holstein. Det blir bra.

Mads