På bøljan blå

Kroatia har ikkje like monge småvegar å velgje mellom som dei andre landa eg har vore i. Difor sto valget mellom Karlovac og Poljanac mellom hovedvegar med mykje trafikk og trailarar eller nokre geitestiar.

Eg valgte geitesti.

Null trafikk og flotte grusvegar. Velstand i 40 kilometer. GPSen kunne fortelje om ei bru over ei elv for å kome tilbake på hovedvegen. Flotte greier. På veg ned mot elva skjøner eg at noko ikkje er som det skal. Eller iallefall ikkje i henhold til GPSen. Brua er forsvunnen.

SAMSUNG CSC

Etter nokre ukvemsord og sparking i sanden ser eg at det ligg ein båt ved elvebredda. Yes!

SAMSUNG CSC

Då er det berre å kaste sykkelen oppi og stake over. Lyt berre løyse fortøyinga fyrst.

SAMSUNG CSC

Sjølvsagt var båten LÅST fast til eit tre. Meir sparking i sanden og nye ukvemsord. Var ikkje veldig interessert i å sykle tilbake 40km. Eg byrjer å tenkje meg om i staden. Lykjelen bør då ligge her ein stad. I kjent hyttestil. Eg byrjer med det opplagte. Store steiner ved elvebredda. Ingenting. Eg snur meg og ser eit lite bygg 20 meter bakover.

SAMSUNG CSC

Etter ein grundig inspeksjon av dette finn eg bak eit knekt panel nettopp ein lykjel! Bingo!

SAMSUNG CSC

Denne passar sjølvsagt til hengelåsen til båten. I det eg er i ferd med å gjere klar sykkelen og vesker til tur over elva kjem der ein lokal størrelse med kano oppover. Han roper og spør om eg vil ha hjelp til å kome over. Eg er innerst inne litt irritert fordi MacGyver-historia ikkje fekk ein ordentleg slutt. Eg takka ja til kanotur. Hyggjeleg av Kroaten.

Her er han på veg over elva med sykkelen min i første omgang.

SAMSUNG CSC

Eg er glad eg valgte å reise med sykkel.

Mads

På grensa til Syden

Eg er no ferdig med Slovenia og i ferd med å entre Kroatia. For dei fleste kjent som Syden. Eg klarer knapt vente på late dagar longs Adriaterhavet! Men fyrst nokre ord på turen longs jarnteppet.

Dagsetappene har blitt lettare og lettare å gjere unna. Eg har byrja å få dreis på rutinene på sykkelen. Om morgenen har eg gjerne pinne stive bein så dei 10 første kilometerne syklar eg svært sakte. Eldre damer på “3-girs DBS” gjev meg eit cheeky Tschüss i det dei trør forbi. Medan eg mot slutten av dagen tidvis har brukt bukken. Eg har også byrja å nærme meg å ete nok. Eg anar ikkje kor mykje eg får i meg i laupet av ein dag, men ein 6-pack Mars bars kan ein dag vere berre ein liten del av mellommåltida mine.

Fyrste land etter Tyskland var Tsjekkia. Eg hadde eigentleg ikkje forventingar til Tsjekkia. Eg visste at dei er meget dyktige på å lage øl der. Og at Praha skal vere ein fin by. Bortsett frå det kunne eg ikkje så mykje. Og det er vel stort sett det eg sit att med frå Tsjekkia. Syklinga der var eigentleg kjip. Småampre bilistar og åser opp og ned i det uendelege. Og dessutan hadde eg ei litt ubehageleg natt i ein potetkjellar. Får la detaljane rundt den ligge.

Eg har hoppa fram og tilbake mellom Vest- og Austeuropa. Det som har fascinert meg mest er kor stor forskjell det fortsatt er mellom dei to. Det er svært tydeleg at det er trangare kår i den delen av Europa som låg aust for jarnteppet. Ein har mindre pengar, færre jobbar og eg føler ein er meir alvorstynga enn folk frå Vesteuropa. Samtaletema har gjerne vore politikk. Og korleis ein føler det ikkje eksisterer demokrati. På vestsida har slike tema aldri dukka opp. Har ein det godt er det heller ingen grunn til å setje spørjeteikn til noko?

Av landa eg har vore gjennom til no har eg likt Østerrike best. Det har nok noko å gjere med veret eg har hatt dagane der. 23 grader og sol er ikkje å forakte! (Høyrer det er snø i Torndheim) I tillegg peila eg meg inn på EuroVelo 6 longs Donau og EuroVelo 9 frå Wien og sørover mot Slovenia. Begge sykkelrutene longs flotte vindistrikt. Eg trur aldri eg har smakt Østerriksk vin. Men det må prøvast.

thumb_SAM_0404_1024thumb_SAM_0403_1024thumb_SAM_0400_1024thumb_SAM_0395_1024thumb_SAM_0410_1024thumb_SAM_0398_1024

Fancy! Her brukar ein elva som motor for ferga:

thumb_SAM_0377_1024

Wien:

thumb_SAM_0408_1024

Det har blitt enno vanskelegare å stealth campe, men eg har ved eit par høve fått slå opp telt i hagen til folk.

thumb_SAM_0402_1024thumb_SAM_0417_1024

thumb_SAM_0364_1024

Eg har også hatt ein velt, uheldigvis. Det skjedde i dag. Litt før hadde eg rota meg ut av ein sykkelsti og inn på eit jorde og fått metta dekka med gjørme. Dette ergra meg og eg fokuserte meir på hjula enn på vegen når eg var tilbake. Big mistake. Plutselig traff eg fortauskanten og flaug ut i grøfta. Det resulterte i ei skulder ut av ledd og ei lårhåne. Eg fekk lirka skuldra på plass att. Men det er fælt vondt når den er ute av posisjon. Det ser ut som det har gått bra med sykkelen, heldigvis. Frambremsa er øydelagt. Men ellers er både ramme og felg 100%.

Der graset er bøygd ned er krateret etter meg:

thumb_SAM_0418_1024

Eg er no svært klar for Balkan. Ein del av Europa eg har farta rundt ein del i før. Fine folk, god mat og godt øl. Dette blir bra. Men første del blir nokre rolige dagar på ferie-Balkan. Det skal bli fint å slappe av og etterkvart få besøk.

Mads

Stats and stuff

Eg er no komen til grensa mellom Østerrike og Tsjekkia. Eg svippa innom Østerrike for å ta dette vakre biletet:

SAMSUNG CSC

 

Eg hadde litt for mykje Czech Koruna att så eg dro tilbake til Tsjekkia for å bruke dei opp på ei leilegheit eg booka i Horní nám. Ja. Den er faktisk ikkje verst.

No er 10% av turens estimerte distanse distansert og eg tenkte difor å smelle opp nokre tall.

  • Kilometer: 1607
  • Land: 4
  • Big Macs spist: 1
  • Big Macs forbrent: 194
  • Antall brett konsumert smertestillende/betennelsesdempende: 2
  • Antall flats: 0
  • Antall kjedeuljeflasker brukt: 1
  • Antall flasker WD-40 brukt: 0,25
  • Antall løpemeter Gaffateip brukt: 0
  • Gjennomsnitteleg dagleg distanse: 100,4km

Om nokon er interessert i å høyre om andre tall er det berre å sende inn forslag.

Mads

Deutschland, Deutschland, pretty darn good.

Eg var litt spant då eg vakla meg ut av Kielferga og rota meg inn i Kiel sentrum for å få tak i eit høveleg kart å bruke gjennom Tyskland. Planen var sånn passe klar:  Sykle retning sør-aust mot Praha og få med meg delar av elva Elbe.

Eg har fått fleire formaningar om å halde meg unna Autobahn. Joda, det skal eg då unngå. Etter ein liten avstikkar retning Fehmarn fekk eg nok av sjø og vind og vende snuta innover i landet. Duverden, det er fint å sykle i Tyskland. Flotte jordbruksområder og trivelege små landsbyar. Ja, akkurat som på film. På desse Tysk-Tsjekkiske samproduksjonane. I tillegg er alt veldig tilrettelagt for syklistar. Ein finn sykkelstiar nærast over alt. Om ein i tillegg brukar GPS kan ein finne verkelege perler å sykle på.

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

 

Allereie på dag ein vart eg stoppa av ein annan som var ute og sykla. Han vart svært interessert i planane mine og inviterte meg heim for ein middag saman med kona si. Triveleg! Ein schnitzel og ein bayer seinare sykla eg vidare og fann ein stad å overnatte. Danke Klaus!

I Tyskland er det visstnok berre lov å slå opp telt på camp sites. Eg er ikkje tilhengar av desse. Og dessutan finnast det ikkje monge nok av dei til at ein sykle frå ein plass til neste. Difor var planen å stealth campe i skogholt, samt nokre overnattingar på herberge.

Eg fekk berre to overnattinger i telt i skauen. Den eine fortona seg slik: Eg såg ein skogsveg litt framføre meg og tima avkjøringa slik at ingen skulle legge merke til meg og sykla nokre meter unna vegen. Det gjekk fint. I laupet av eit kvarter er teltet oppe og matlaginga i gong. Men plutselig høyrer eg rasling i lauvet bak meg. Søren! Har nokon oppdaga meg likevel? Eg snudde meg forsiktig. Ingen å sjå. Kva er dette? I det eg er i ferd med å snu meg tilbake til maten ser eg kva det er. Eit villsvin! Og eitt til! Og endå eitt. Dei strømma på. Det var sikkert ti stykk til slutt. Alle stirra mot meg. Eg minnast eg hadde sett at villsvin kan vere farlege, men eg kom ikkje i hug om eg hadde sett dette på Schrödingers Katt eller på TV2 Bliss. Gode råd var dyre. Eg valgte å sitte heilt rolig. Eg stirra tilbake. Etter om lag eit minutt snøfta litt han eine snudde, fekk med seg gjengen og vandra i retning eit ope jorde. Lykke til, tenkte eg, vel vitande om at det var ein jegerpost ved jordet. Men kvelden var ikkje ferdig med det. Etter å ha sove ein time vakna eg av skott! Hadde dei tatt villsvina no? tenkte eg. Men etter å ha summa meg forsto eg at dette ikkje var frå rifle, men artilleri! Dagen etter skulle det vise seg at det var militærleir nokre mil lenger sør. Dei hadde tydeligvis hatt øving. Det var ein fin start på campinglivet på kontinentet.

To andre gongar eg hadde planer om å setje opp telt vart eg heller invitert til å overnatte hjå folk som budde i området. Gjestfritt! Det er definitivt noko anna enn fyrste natta ved Berkåk der eg mest av høflegheit gjekk og spurte ein hytteeigar 300 meter unna om det var greit eg sette opp telt. Trønderfrua kunne fortelle at ho ikkje var så veldig glad for at folk sette opp telt i området.

Inka, Reiko and the 4 kids. Thank you so much!

SAMSUNG CSC

 

Georg, the wife and Axel. Thank you! Very kind!

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

 

Siste dagen i Tyskland hadde eg mistankar om at eg måtte over nokre høgdedrag for å kome inn i Tsjekkia utifrå korleis vegen forma seg på kartet. Dette avviste resepsjonisten på herberget eg budde på. 750 høgdemeter seinare opp til eit alpinanlegg bør eg no ha lært at ein bør ta muntleg informasjon med ei klype salt. Når det er sagt traff eg dei fyrste flyktningane på turen ved grensa til Tsjekkia. To svært hyggelege og hjelpsame Afghanarar. Dei fortalte stolt at dei hadde gått skule i 6 månader og lært seg mykje tysk. Dei kunne informere om at det fint gjekk an å sykle ned til Teplice. Mi fyrste overnatting i land nummer tre på turen!

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

 

Gjennom Tyskland fekk eg etterkvart betennelse i eit kne. Noko som førte til at eg ikkje fekk sykla så longt som eg håpte på kvar dag. Men med litt Aust-Tyske apotekervarer og no eit kviledøgn her i Praha, så satsar eg på å vere 100% igjen snart. Det er merkeleg, når ein er på ein slik tur ønsker ein mykje heller å fortsette å sykle enn å ha pause. Sjølv om ein kan bli ganske sliten.

I morgon styrer eg mot Austerriket.

GF

Mads

I Oslo og ferdig med transportetappa

Eg såg heile tida på etappa mellom Trondheim og Oslo som ei transportetappe. Eg måtte nå Kielferga 5 dagar etter start i Trondheim. Turen byrja i byrjinga av april, noko som kunne by på litt labert ver. Som det gjorde. I 5 døgn.

Delen mellom Trondheim og Berkåk har eg sykla fleire gongar før så det var kjent terreng. Allereie frå første pedaltråkk byrja uveret. 5 cm nysnø på Tiller.

Etter Berkåk gjekk eg for Østerdalen sidan det er meir oversiktleg med tanke på trafikk Den er også slakare enn Gudbrandsdalen. Ved Kvikne venta både snø og sterk vind.

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

 

Resten av Østerdalen fortoner seg i form av skog og elg. Kjend drill:

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

Alle kleda mine var gjennomvåte. Eg kom difor på at eg skulle svippe innom Opphus. Ein stasjon i tjukkaste gokk i Østerdalen, der tog berre stoppa om ein tok direkte kontakt med lokførar. Som eg håpte var der eit venterom og ikkje eit menneske å sjå. Eg la meg til der for natta og fekk tørka kleda mine.

SAMSUNG CSC

Først på dette tidspunktet såg eg at eg hadde forfryst ei tå. Kombinasjonen cleats, sludd og vind er ikkje krutt for tær. Eg forfraus tærne mine for 15 år sidan og er spesielt eksponert for nye forfrysninger. Ved framtidige dagar i kulde kjem eg til å droppe cleats og modifisere overtrekket litt.

Då eg var komen til Elverum sto valget mellom å sykle sørover til Konsvinger eller å sykle vestover til Mjøsa. Eg visste det skulle vere laga eit nytt Mjøstråkk for syklande longs Mjøsa i desse tider. Men eg var ikkje sikker på om den var ferdig. Som backup-løysing var vegen over fjellet på grusveg frå Espa eit alternativ. Eit lite fristande alternativ. For å vere sikker på at Mjøstråkket var ferdigstilt ringte eg Statens Vegvesen. Ho som svarte ville vite kva fylke Mjøsa låg i. Vi er ille ute og køyre tenkte eg. Ho kunne definitivt ikkje svare på spørsmålet mitt, og sykkeleksperten som ho kalla han var i møte til klokka 2, og kunne tidlegast nåast klokka 3. Eg såg på klokka. Den var 12. Eg la på og byrja å sykle mot Mjøsa.

Etter ein 3-pack bollar på Espa (Kva er så spesielt med desse bollane eigentleg?) skjønte eg at det ikkje gjekk an å kome seg vidare longs Mjøsas bredder. I det eg var i ferd med å snu for å sykle over fjellet såg eg eit skilt som peika mot anleggskontoret til Statens Vegvesen. Eg sykla opp til det. Klokka var 1605, så der var det sjølvsagt mørkt. Derimot så kom ein lokal entrepenør køyrande. Eg fekk vinka han inn og spurte: “Du, er det mogleg å sykle longs Mjøsa no eller må eg ta den looonge vegen over fjellet?”. “Nææh, den er nå itte ferdig. Meeeen, det er bare je og enn te som jobber nå. Du kan ta anleggsveien. Men pass de for dumpern. Det er jævlig bratt og han ser de itte.” Med lovnader om å trille sykkelen i bakkane for eg av garde.

Å prøve å sykle bakkane kunne eg bare gløyme. Det var berre så vidt eg klarte å trille opp sykkelen. Absurd bratt. Turen om anleggsvegen til Minnesund gjekk særs bra. Kjekt å vere heilt aleine på ein slik grusveg og sjå ned på nye E6.

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

Etter ei siste natt ved Mjøsas bredder kunne Oslo ønske velkommen i Groruddalen.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

 

I utgangspunktet var eg svært spant på korleis bilistar ville forholde seg til meg. Men stort sett alle viste hensyn. Det var kjekt.

I morgon set eg meg på båten til Kiel. Torsdag venter Schleswig-Holstein. Det blir bra.

Mads

Endeleg i gong

Då var eg endeleg i gong med turen. I skrivande stund ligg eg ein stad mellom Berkåk og Ulsberg.

Det har vore nokre svært hektiske dagar med å ordne alt praktisk føre turen samt å få leigd ut leilegheita. Men då eg sat meg på sykkelen i dag var akkurat det fort gløymt.

Det er ikkje få ting som skal pakkast for ein tur på eitt år. Men på den andre sida kan ein ikkje ta med alt heller. Slipset ligg att heime, til dømes.

DSC_0078

DSC_0079

Noko av det som er med er med er her (ikkje komplett):

Høgre bak:

Gorillapod

Kjele

Asjettar, kopp og krydder

Vatnrensesystem

Myggnett

Fyrstehjelpsutstyr

Solcellepanel med batteripakke

Sommerklede + bokserar og sokkar.

Sykkelshorts

Venstre bak:

Telt

Liggeunderlag

Handkle

Mat

Høgre framme:

Ladarar

Ekstern harddisk

Primus

Kvardagsbukse

Ullundertøy

Fleecejakke

Mac

Venstre framme:

Vest

Skoovertrekk

Hue

Hanskar

Fleecejakke

Sykkelrepp + olje, hyssing, gaffateip, etc.

På bagasjebrett:

Sovepose

Jervenduk

Pute

Toalettmappe

Styrebag:

Kamera

SPOT messenger

Mobil

Pass

Kopier av forsikrig og passbilete

Kompass

Lett hue

Sykkelklede kaldt:

Ullundertyg

Turbukse

Brynje

Goretex-jakke

Sykkelsko

Hjelm

Hanskar

received_10156778521915525

Ellers var eg spant på korleis den nye sadelen min frå Brooks fungerte. Det er ein lærsadel. Det seiast at den formar seg til ræva, men so longt verkar det som om det er mest ræva som formar seg til sadelen.  Det går seg vel til.

No står middag og ein G for tur så då lukkar eg denne. Mistenker at det også i framtida vert korte innlegg utan struktur. Litt har ein då lært frå norskeksamenane i grunnskulen.

DSC_0080

Mads